NYTT BILLETTSYSTEM FRÅ 2021 SESONGEN

Hødd har inngått avtale med TicketCo og har skrevet under på ein avtale som gjeld ut 2024-sesongen!

Hødd går over til ny leverandør for billett og sesongkort frå 2021. Norsk Toppfotball har valt TicketCo som felles billettsystem til Eliteserien og Obosligaen. No har også Hødd valt å gjere det same frå 2021 og håper å få systemet oppe å gå løpet av veka.

- Først vil eg takke Buytec for godt samarbeid over fleire år og ønske dei all lykke til vidare. Vi går no over til TicketCo slik som resten av toppfotballen har gjort og ser på TicketCo som ein framtidsretta leverandør med gode løysningar. Norsk Toppfotball har hatt ein lang prosess med fleire billettlevandørar, gått runder med klubbane i toppfotballen og til slutt har dei landa på TicketCo som felles billettleverandør for Eliteserien og OBOS-ligaen. Dette gjer at vi føler oss veldig sikre på at vi har fått med oss på laget ein solid billettleverandør i TicketCo. Vi er opptatt av det skal vere enkelt å kjøpe billett eller sesongkort og det føler vi TicketCo leverer på ein veldig god måte, seier billettansvarleg i Hødd Fotball, André A. Gardshol.

ENKEL OVERGANG

Det betyr at frå sesongen 2021 vil både sesongkort og billettar bli kjøpt via TicketCo. 

- Vi ser på TicketCo som ein aktør som vil forenkle kundereisa, bli meir brukarvenleg og skal vere eit enklare system å forholde seg til, seier Gardshol. 

I teorien skal det vere ein enkel overgang til nytt billettsystem. Det vil seie at alle som hadde sesongkort i 2020, vil få tilbud om å fornye sesongkortet sitt med same plass fram til ein bestemt dato. Dette kjem vi tilbake til når billettsystemet er oppe å går.

DIGITALE MOGLEGHEITER

Med TicketCo vil både billettar og sesongkort vere digitalt. Via TicketCos app kan ein enkelt kjøpe både billettar og sesongkort, og vise det ved inngangane. 

- For dei som vil ha fysisk sesongkort, vil det sjølvsagt vere mogleg, men med et lite tillegg i prisen. Vi har som mål at dei aller fleste skal ha sesongkorta sine digitalt, sier Gardshol.

Sesongkortsalet vil starte løpet av januar. Det vil kome meir informasjon om korleis TicketCo fungerar, prisar på sesongkort og frist for fornyelse så fort systemet er oppe å går.

Følg med på hodd.no framover for meir informasjon!

Annonse: