NETAN HAR SIGNERT

Netan Sansara har signert for Hødd, midtstopparen har signert ei 2-års kontrakt.

Netan er engelsk og har spelt for blant anna Wallsall i League One i England. I 2014-2016 spelte midtstopparen for divisjonskollega Fredrikstad der han var kaptein på laget. Sist sesong spelte han for Gefle i Superettan i Sverige. 

Sportssjef André Nevstad seier dette i ein kommentar:

- Netan er ein spelar som vi meinar vil passe fint inn i Hødd, både som spelar og menneske. Han er 29 år, har lang erfaring frå spel på høgare nivå og er ei leiartype som vil bidra både på og utanfor bana.
I tillegg til at han skal vere spelar skal han også vere trenar i Høddskulen, og han har uttrykt ein veldig sterk motivasjon til å vere med å bygge eit nytt sterkt Hødd-lag for framtida.
Netan er midstoppar, men har også spelt venstreback og er venstrebeint, vi ønskjer han velkomen til Høddvoll, avsluttar Nevstad.

Netan: - Spanande prosjekt på gong

- Eg har hatt ein god dialog med Sportssjef Andrè Nevstad ei god stund og har haurt mykje positivt om klubben. Eg har også spelt mot Hødd tidlegare på Høddvoll og det var alltid tøffe kampar når vi kom hit. Robin Shroot er også ein god venn av meg som har snakka varmt om klubben og inntrykket mitt er at dette er ein bra plass å vere. Det er også eit spanande prosjekt på gong med å bygge eit nytt slagkraftig lag og dette er noko eg ønskjer å vere ein del av. Eg er no ein av dei eldre spelarane på laget og håper derfor eg kan bruke mi erfaring til å bygge eit godt miljø og ein sterkt treningskultur i laget. 

Vi ønskjer Netan velkomen til Hødd!

Annonse: