Minneord Erik Haakonsholm

Natt til onsdag døde Erik Haakonsholm.

Erik var ein bauta i IL Hødd Fotball i mange år. I elleve sesongar på rad frå og med 1996 til og med 2006 var han fotballformann i klubben, og gjorde ein stor innsats.

I tillegg var Erik hovudstyreformann i 1995 og 1996, og leiar for det som var kalla Hødd Allianse i perioden 1997-2001. Med andre ord var han ein svært aktiv og sentral person i Hødd-miljøet over ei lang periode.

Han var ein person som sjeldan måtte heva røysta, for når Erik hadde ordet var det verdt å høyre etter kva som blei sagt. Han visste kva han ville, og bestemt på kva som måtte til også i utfordrande og krevjande periodar. Men Erik var både inkluderande og flink til å lytte når andre hadde synspunkt og meiningar når viktige avgjersle skulle takast. Han brukte mykje av fritida si på Høddvoll desse åra, og når han kom til møte enten det var på dagtid eller på kveldstid hadde han ofte med seg varme fiskekaker som han hadde kjøp med seg frå butikken. Og han delte broderleg.

Erik sat også i mange år i kommunestyret i Ulstein for Høgre. Gjennom jobben sin i den maritime industrien hadde han også eit svært godt nettverk, noko som også Hødd drog nytte av. Han var ein ringrev i mange samanhengar og gjorde ein fenomenal innsats for klubben.

Folk som kjende Erik både frå politikken, den maritime næringa og frå klubben seier at han var ein stor diplomat med eit «godt haud». Han var god i diskusjonar og kunne analysere ein situasjon svært kjapt.

Erik Haakonsholm var ein pioner i den maritime industrien og reiste verda rundt som seljar. Desse eigenskapane drog han også med seg til nytte for Hødd i arbeidet han gjorde for klubben.

IL Hødd lyser fred over minnet til Erik og sender våre varmaste tankar til familien.

Annonse: