MEDLEMSKONTINGENT IL HØDD

Bli med å støtt IL Hødd i 2020!

Alle kan bli medlem i IL Hødd; både barn, ungdom og vaksne. Flesteparten av medlemmane er aktive barn og ungdom, men vi har også mange som er med som støttemedlemmar for å støtte klubben. Les meir her korleis du blir medlem i idrottslaget under.

For å kunne stemme på årsmøtet må ein vere medlem av IL Hødd.

Slik blir du medlem i 2020

For betaling og registrering bruker vi i år IdrettenOnline. Dette gjer det enklare for oss å administrere og sende ut medlemskontingenten.

I år har vi kun ein kategori og den heiter "Årskontingent medlem". Vi er pliktige til å følge NIF, Noregs Idrettsforbund sitt regelverk og familiemedlemsskap er ikkje tillatt. Det betyr at kvar einskild må inn å registrere seg og betale medlemsskap i IL Hødd sjølve. 

Gå inn her for nytt medlemskap (kun nye medlem)

Gå inn her for å fornye ditt medlemskap

*Viktig at alle opplysningar blir oppdaterte når du fornyar medlemskapet ditt! E-post, telefon, adresse osv. er viktig å oppdatere slik det er korrekt. Dersom det ligg inne feil opplysningar på deg, vil du ikkje motta e-posten som gir deg moglegheita til å betale medlemskapet. Husk derfor å sjekke at opplysningane stemmer når du fornyar ditt medlemskap i IL Hødd.

 

Annonse: