Martin Mork Breivik til Herd

Sideback Martin Mork Breivik signerte førre veke kontrakt med 3. divisjonsklubben Herd. Dette etter å ha vore i dialog med klubben om ein overgong ein periode.

Martin hadde kontrakt med Hødd ut 2018, men klubbar og spelar vart einige om at ein overgong til Herd var til det beste for Martin.

Martin kom til Hødd frå Hareid før 2014-sesongen og har spela i Obos-ligaen. Han spela seks seriekampar for a-laget i år.

Sportssjef Andre Nevstad seier dette i ein kommentar:

«Martin har vore i a-stallen i litt over to sesongar. Det har blitt mindre speletid enn ønska og difor har vi og Martin blitt einige om at ein overgong til Herd kan vere positivt for den vidare utviklinga hans. Martin er ein fantastisk flott fyr som eg vil gi dei beste skussmål og vi takkar han for innsatsen i Hødd-drakta for denne gong – og ønskjer han lukke til i Herd!» 

Martin sjølv ser fram til nye utfordringar på fotballbana:

«Det blir spennande å prøve noko nytt. Eg kjem til ein klubb som har gjort det godt siste åra. Eg er svært motivert for å bidra til både eiga og laget si utvikling. Føler dette er det rette for å sjå kor god eg kan bli. Samstundes vil eg takke lagkameratar, trenarar og klubben Hødd for fine år!»

Spel på Høddvoll kan det likevel bli på Martin i år. I byrjinga av oktober kjem Martin sin nye klubb for å spele mot Hødd 2 i 3. divisjon. Vi ønskjer Martin lukke til i Herd!

Annonse: