MARTIN MORK BREIVIK KLAR FOR HØDD

Martin Mork Breivik har i dag signert ei kontrakt ut 2021-sesongen!

Martin kom til Hødd frå Hareid før 2014-sesongen og spelte i Hødd-drakta ut 2017-sesongen. I 2018 vart Hødd einige med Herd om ein overgong for Martin. Der har han spelt dei siste to åra.

Etter to flotte år i Herd og god utvikling er vi no glade for å sjå Martin tilbake i Hødd-drakta!

Martin har signert ei kontrakt ut 2021-sesongen.

Kevin Knappen seier dette i ein kommentar:
- Martin Mork Breiviks er et godt bevis på at noen ganger er det smart å ta et skritt tilbake, for å få tillit og regelmessig spilletid. 
I Herd har Martin levert gode prestasjoner og vært toneangivende i de to seneste sesongene, og da skal selvsagt veien tilbake til Høddvoll være kort.
Her får vi inn nok en spiller med lokal tilhørighet, som har energien og innstillingen vi søker. 
Velkommen tilbake i blått, Martin!
 
Martin er glad for å vere tilbake i Hødd-drakta:
- Det er godt å vere tilbake i Hødd! Ei ung spelargruppe som vil pushe kvarandre trur eg passar med perfekt. Kvaliteten og intensiteten på trening har våre god og eg gleder meg til å starte sesongen i Hødd.
 

Vi ønsker Martin velkomen tilbake i Hødd-drakta!

FAKTA

  • Namn: Martin Mork Breivik

  • Fødd: 3. mai 1996

  • Posisjon: Back, midtbane

  • Tidlegare klubbar: Hareid (moderklubb), Hødd, Herd

Annonse: