IMG_3760

Marius Hagen klar for Hødd

Marius Hagen (25 år) har signert ei toårskontrakt med Hødd.

Marius Hagen (25 år) har signert ei toårskontrakt med Hødd. Han kjem frå Elverum, der han i 2017-sesongen spelte 27 kampar og scora 5 mål. Marius kjem frå Nordfjordeid og gjekk gradene i moderklubben Eid. Han har seinare spelt for blant andre Hamkam, Husqvarna FF og Kristiansund BK.

Etter å ha vore innom og trena med laget i november var Marius godt nøgd då vi signerte avtalen: - Eg føler no at eg er komen heim. Eg og sambuaren min gledar oss til å flytte til Ulsteinvik og slå oss til ro her. Og eg har lyst til å bidra til at Hødd rykker opp igjen til OBOS-ligaen neste år.

Sportssjef André Nevstad er nøgd med at Marius blir ein del av Hødd-stallen:

- Marius er ein spelar med mykje erfaring frå OBOS-ligaen, ein god fotballspelar som er tøff i stilen, god i lufta og kan spele både i den djupe rolla, men også i ei offensiv midtbanerolle. Han er ein spelar som vi trur, både i forhold til alder og ferdigheiter vil passe godt inn i Hødd-stallen.

Vi ønskjer Marius og sambuaren velkomne til Hødd og Ulsteinvik!

Spørsmål kan rettast til sportssjef André Nevstad på telefon 922 22 225.

Annonse: