Magnussen gir seg i Hødd

Må gi seg på toppnivå.

- Først og fremst vil eg takke for alle åra i Hødd, alle flotte mennesker eg har blitt kjent med gjennom Hødd,  og sjølvsagt utrulig mange gode opplevelsar. 

Eg har ei kneskade som gjer at eg at eg no må gi meg på toppnivå. Det kreves mykje trening å holde seg på det nivået og utvikle seg vidare, og eg innser at kroppen ikkje klarer å takle dei store treningsmengdene like godt no som tidligare.

Då har eg lyst å vere ærlig med Hødd og seie det no at eg har mine tvil om at eg kan trene så mykje og bidra slik eg ønskjer inn mot laget. Så då vart valet å trappe ned, seier Joachim Magnussen, som no blir å sjå på Høddvoll som G7-trenar.

29-åringen debuterte for A-laget til Hødd i 2006-sesongen, og var den av dei aktive spelarane med flest Hødd-kampar. Forutan eit par sesongar i Tippeligaen med Hønefoss, har han spelt sin fotball på Høddvoll.

Joachim står med 273 kampar og 98 scoringar for dei blåkvite. I fjor starta han 18 kampar i OBOS-ligaen for Hødd, og fekk i tillegg sju som innbyttar. Det vart tre ligascoringar.

Sportssjef Andrè Nevstad seier følgande:

- Det er sjølsagt veldig vemodig at Joa må gi seg, men også ei ærlig avgjerd som vi respekterer fullt ut.  

Vi set veldig stor pris på Joa både som spelar og menneske og vi takkar han for innsatsen i Hødd-drakta.

Sjøl om han no gir seg som aktiv, rekna vi med å sjå han på Høddvoll både titt og ofte saman med Hødd sine unge og håpefulle aldersbestemte spelarar.

Annonse fra Obos-ligaen: