LØNN FOR STREVET FOR «TEAM HUGO»

-    På det meste vart det 28 turar mellom Flø og Høddvoll i veka. Heldigvis har det gitt seg litt no etter at dottera slutta med friidrett. Orda kjem frå sjåfør, drikkeflaskesjef og manager Hugo Opdal.

No får «Team Hugo» lønn for strevet. Sonen, Ørn Flø, er nemleg teken ut på G15-landslaget som skal ha samling 5-10.oktober i Lillestrøm.

Det var vel inga stor overrasking av Ørn vart teken ut i 26-mannstroppen til landslaget. Han har vore med på talentsamlingar og skuggelandslag heile vegen og fekk seinast i fjor veldig gode tilbakemeldingar frå trenarane. 

Talentet har Ørn hatt heile tida. Litt har han vel arva nettopp frå faren som spelte på guttekretslaget for Trøndelag tidleg på 80-talet, men landslag er noko heilt anna. Det vedgår til og med gallerieigar og sjefsjåfør Hugo.

Ørn er ikkje den som brukar for store ord om seg sjølv. Passeleg audmjuk er han, men når vi ber han liste opp sterke sider så kjem i alle fall dette:
-    Bra speleforståing, greier å lese spelet bra, og har ein bra pasningsfot. 
 
På den andre enden av skalaen, kva han kan verte betre på:
-    Duellspelet innanfor boksa, særleg i lufta.
 

Ørn er siste års elev på Ulstein ungdomsskule. Han er ein del av det gode 2005-kullet til Hødd der Geir Hasund har hatt mykje av styringa sidan dei starta opp som 6-åringar. Geir er framleis med. Dei siste tre åra har også Sebastian Nilsen hatt ei viktig rolle opp mot laget og Ørn si utvikling, men det aller meste har han nok gjort sjølv.

Då koronaen stengde fellestreningane i mars og det var full stopp i to månader trente Ørn berre endå meir.
-    Heime på Flø er der ein ballbinge ved skulen/galleriet, fortel Ørn.
 

Der vart det trent kvar dag, mellom anna saman med Sindre Kleiven. Triksing, skot, teknikk og styrke. Ein til to timar kvar gong. Slikt gir resultat.

Neste haust vert det kanskje endå meir fotball på Ulstein vidaregåande skule. Tida vil vise. Ørn er ein tålmodig kar, men treng utfordringar. Han spelar på Hødd sitt G16-lag, og har så vidt vore innom rekruttlaget. Han føler at han har den gnisten som skal til for å satse vidare. Det er ikkje minst viktig å ta ansvar for eiga utvikling på fotballbana.

Det som er litt synd med korona-pandemien er at det ikkje vert tur ut av Noreg med landslaget i år, det vert «berre» internkampar. Spørsmålet er om Ørn er med når troppen skal ned frå 26 til kanskje berre 16-18 spelarar. Trua er der.

Trenar for G15-landslaget er ikkje ukjende Gunnar Halle.
-    No skal vi ta neste steg med ein mindre tropp og treningssamling i Lillestrøm. Det blir ingen landskamp, men vi skal sørge for at vi startar denne samlinga med å skape eit slagkraftig lag for vegen vidare mot kvalikkamper neste år, seier Halle. 
 

Troppen skal spele to internkampar på samlinga. Pappa Hugo har tenkt å ta turen sørover i haustferien, men kor nært innpå han kjem no i desse korona-tidene er han usikker på. Men om han kjem nær nok er han i alle fall klar på sidelinja med drikkeflaska…

Biletekster:
1.    Ørn Flø t.v, bilen som køyrer mellom Flø og Høddvoll mange gonger i veka og pappa og drikkeflaskesjef Hugo Opdal t.h.
2.    Ørn med landslagsdrakta
3.    Ørn og ein stolt pappa Hugo med landslagstrøya.
4.    Ei utgåve av Hødd G2005 på ei miniturnering i 2012. Ørn er bakerst til venstre.
5.    Ørn i kjend stil for nokre år sidan der han viser fram pasningsfoten sin.
Annonse: