Kari Mette Sundgot innstilt som styreleiar i Hødd fotball

Kari Mette Sundgot er innstilt som ny styreleiar i Hødd fotball.

Kari Mette Sundgot er innstilt som ny styreleiar i Hødd fotball. Kari Mette sit som styremedlem i dag, ho har tidlegare vore dagleg leiar i Hødd fotball. Kari Mette har ein solid bakgrunn frå Hødd fotball og kjenner organisasjonen og klubbdrifta godt. Kari Mette er økonomiutdanna og arbeider i dag som økonomisjef i Volda kommune. Den endelege innstillinga til heile det nye styre skal leggast fram på det årlege møtet til Hødd fotball 11. februar og endeleg val skjer på årsmøtet til Hødd IL 9. mars. 

Annonse: