Kampreferat: Hødd - Skeid 2-1 (1-0)

Hødd tok ein sterk 2-1 siger mot Skeid søndag kveld! Ei fantastisk skoring av Naglestad på overtid sikra Hødd 3 poeng!

Før kampen skilte det 8 poeng i favør Skeid, men med Hødd siger ville denne avstanden bli minka til 5 poeng. 

Tidligare på dagen spelte også Egersund uavgjort mot Nardo og dette gjorde at Hødd også ville få overtaket med tanke på kvalikplassen om det vart siger mot Skeid. 

1. omgang

Hødd kom best i gang og allereie etter 8 min skulle heimelaget få uttelling. Eit langt innkast enda i klabb og babb inne i 16-meteren til Skeid, før Marius Hagen fekk stå umarkert rundt 10 meter. Han gjorde ingen feil og sette ballen i mål forbi ein sjanselaus Skeid-keeper! For eit comback av Hagen som har vore ute med skade ei periode.

Skeid kom seg ikkje til mange sjansar, men hadde ein kvalifisert stor sjanse i første omgang. Skeid kom opp på venstresida til Hødd og fekk spelt ballen inn sentralt like utanfor 16-meteren. Der fekk motsatt kant avslutte, men heldigvis for heimelaget endte forsøket over målet til Ole Monrad Alme.

Dei blåkvite hadde også ein stor sjanse like før pause. Hødd fekk corner og der fekk Henrik Breimyr gå opp og heade mot mål. Returen endte først i beina til Joachim Osvold som fekk avlutta mot mål, men forsøket vart blokkert. Her var Steffen Moltu våken og fekk avslutta igjen, men forsøket gjekk dessverre like utanfor målet til bortelaget.

Laga gjekk derfor til pause med stillinga 1-0 til Hødd!

2. omgang

I det 54 minutt skulle bortelaget få si utlikning på eit frispark. Mesut Can fyrte av mot mål og keeper gjekk motsatt vei. På Tv-bilda kan det sjå ut som skotet går via ein spelar og skiftar retning, men i den offisielle kamprapporten står Can som målskorar.

Hødd trykte godt på mot Skeid etter skoringa og var svært nære ved fleire høve utan å få uttelling på sjansane. Bortelaget virka nøgde med 1 poeng.

Men på overtid skulle Hødd få betalt for jobben. Eit innlegg frå Daniel Eid endte til slutt hos Markus Naglestad. Han er frekk som få andre og hælsparka ballen i mål!!!! 2-1 til Hødd på overtid!!!

Skeid klarte ikkje å svare etter dette og Hødd tok tre velfortente poeng og knappar derfor innpå forspranget som Skeid hadde før kampen. 

Status framover

Etter gårsdagens siger mot Skeid er no Hødd 5 poeng bak. Skeid skal ut i to tøffe kampar mot Arendal og Bryne. To lag som absolutt treng poenga om dei skal ha eit håp om kvalikplass i år. Det blir derfor ingen enkle kampar for Skeid. Vi veit også på slutten av sesongen, så lever kampane sitt eige liv. Ingenting er derfor avgjort i kampen om direkte opprykk. Men Hødd er i alle fall i førarsetet med tanke på 2. plassen som gir kvalikplass.

Neste helg spelar Hødd borte mot Fløy-Flekkerøy. Det er eit lag i poengnød som treng poeng for å holde seg i divisjonen. Vi håper uansett at Hødd bruker dei to siste kampane (Arendal og Skeid) som motivasjon og samtidig viser at dei er eit betre lag. 

Siste heimekamp i år for Hødd er laurdag 20. oktober mot Kjelsås. Vi håper då at mange tek turen til Høddvoll og støttar laget til ny siger!

1-3-5-2: Ole Monrad Alme, Steffen Moltu (K), Joakim Wrele, Henrik Breimyr, Marius Hagen, Preben Sætre, Andreas Breimyr (71 min - Magnus Myklebust), Bendik Rise, Daniel Eid, Robin Hjelmeseth (87 min - Peter Hasund), Joachim Osvold (71 min - Markus Kvame Naglestad).

Annonse: