JUBILEUMSGÅVE HØDDVOLL KGB

Bli med å støtt Hødd Fotball med ei jubileumsgåve til renoveringa av kunstgrasbana!

Det nærma seg 100 års-dagen til IL Hødd, og vi har hatt som mål at vi i løpet av jubileumsåret 2019 skulle få på plass nytt dekke på kunstgrasbana som ligg ved Ulsmohallen.

Kunstgrasbana kom på plass første gong i 2003, men dekket måtte byttast ut i 2010 då det var heilt utslite.  Den gongen måtte vi gjennomføre bytte utan spelemidlar då grensa for å få nye tilskot er 10 år. 
Stor aktivitet tidleg og seint, dag ut og dag inn gjer at vi no har behov for nytt dekke atter ein gong. I tillegg er det behov for nye flomlys. 
 
Vi har fått solide pengegåver frå Sparebank1 Søre Sunnmøre, Sparebanken Møre og øvrige sponsorar har også bidrege, som gjer at vi nærma oss målet i forhold til finansiering. 

Aktiviteten er stor med om lag 600 aktive fotballspelarar i alle aldrar, og vi har eit stort og flott anlegg som vi er svært stolte av - men som også kostar å holde vedlike til ei kvar tid.

Vi håpar derfor at du vil vere med å støtte Hødd Fotball med ei jubileumsgåve til dette prosjektet! 

VIPPS

Søk etter "Jubileumsgåve Høddvoll KGB" eller bruk kode "567775" i VIPPS-appen, skriv inn ønsket sum og gi ditt bridrag. 

Vi takkar på førehand for støtta!

 

Annonse: