Johannes Sundgot teken opp i A-stallen

Den lovande venstrebacken Johannes Sundgot vart denne veka teken opp frå rekruttstallen til Hødd sin a-stall.

18-åringen frå Dimna blir då den første frå det svært lovande rekruttlaget som blir teken opp etter fjorårssesongen.

Johannes meldte overgong frå Hasundgot til Hødd allereie som 9-åring. I fjor spelte han fast på Hødd 2 i 4. divisjon og han fekk også sin debut i 2. divisjon. Den kom i sigeren heime mot Vindbjart i haust.

Sjølv vart han svært glad då trenarduoen Sindre Eid og Sander Nyland og sportssjef Andre Nevstad gav han beskjeden om at dei ville ha han med i a-stallen:

«Det var kjempeartig å få beskjed om å bli teken opp i a-stallen. Det er ei bekrefting på at eg har gjort ting rett. Eg gledar meg veldig til sesongen!», seier talentet før han held fram med å fortelje litt om ambisjonane for året:

«Eg likar å setje meg høge målsettingar som eg må strekkje meg etter. I år har eg ambisjonar om å spele meg inn i startoppstillinga til Hødd, noko eg ser på som svært realistisk. For laget sin del skal vi definitivt ha ambisjonar om å vere med i toppen og kjempe om opprykk.» Dette er sjølvsagt musikk i våre øyrer!

Sportssjef Andre Nevstad ser også svært positivt på Johannes og framtidsutsiktene:

«Johannes er ein veldig spennande venstre vingback med gode offensive kvalitetar. Han har ein solid venstrefot, har eit godt driv, er fysisk sterk og veit å trykke til i duellspelet. Sist haust fekk han sin a-lagsdebut heime mot Vindbjart og beviste at han har eit stort potensiale. Vi ser veldig fram til å følgje Johannes si vidare utvikling, og har stor tru på at han blir ein viktig spelar for Hødd i åra som kjem.»

Samstundes med at Johannes blir teken opp i a-stallen er der framleis moglegheiter for at fleire av rekruttane kan bli tekne opp. Først vil ein bruke litt tid for å sjå behova, samt følgje utviklinga til alle dei spanande rekruttane. Det gror godt og vi kan sjå positivt på framtida.

Vi gratulerer Johannes med plass i Hødd sin a-stall og gledar oss til mange gode opplevingar i åra framover!

Annonse: