Joakim Wrele tilbake til Hødd!

Det er med stor glede vi i Hødd meddeler at Joakim Wrele er tilbake i blått frå 2018.

Det er med stor glede vi i Hødd meddeler at Joakim Wrele er tilbake i blått frå 2018. Joakim, opprinneleg frå Halmstad i Sverige, signerte i dag ei 3-årskontrakt med Hødd. Han vender tilbake etter eit år med Levanger i Obos-ligaen.

Joakim var også i Hødd i tre sesongar frå 2014 til 2016 og fekk ei høg stjerne i klubben. Difor er vi svært trygge på at Joakim vil passe perfekt både som spelar og person. Dette er også eit signal frå Hødd om at vil gjere det vi klarer for å vende tilbake til Obos-ligaen.

Joakim spela 86 obligatoriske kampar for a-laget sist han var i klubben. Han var også kaptein i nokre av desse kampane. Vi er svært glade for å ha «Jokke» tilbake og gler oss til fortsettelsen.

Annonse: