JETS VACUUM AS HAR SIGNERT NY HOVUDSPONSORAVTALE MED HØDD FOTBALL

JETS Vacuum As har inngått ein ny hovudsponsoravtale med Hødd Fotball for dei neste tre åra.

Hødd Fotball og JETS har blitt einige om ein avtale som strekkjer seg ut 2023-sesongen. JETS har vore ein solid og trufast støttespelar over fleire år og vi Hødd Fotball er særs glade for å forlengje dette samarbeidet med nye 3 år. JETS sin logo vil derfor pryde Hødd-drakta i topp- og breiddefotballen dei neste tre åra.

CEO JETS Vacuum As, Øyvind Tørlen
- For JETS er det viktig å bidra til gode oppvekstvilkår, stoltheit og livsglede der vi har vår verksemd. Det er derfor naturleg for oss å støtte opp under Hødd Fotball, som skaper positiv aktivitet for 450 gutar og jenter. Vi ser fram til tre nye år med godt samarbeid, nokre oppturar og nedturar samt mykje entusiasme og spenning!

Marknadsansvarleg Hødd Fotball, André Aurvåg Gardshol
- Første vil eg takke JETS Vacuum As for ein god dialog og ryddig prosess. Hødd Fotball er særs takksame for at JETS forlenga samarbeidet med Hødd Fotball og fortsette som hovudsponsor dei neste tre åra. JETS er ein særs viktig aktør i lokalsamfunnet og denne avtalen gjer at vi kan fortsette å halde oppe den gode aktiviteten i klubben. Ein solid støttespelar som vi ser fram til å samarbeide med vidare dei komande åra!

Hødd Fotball ynskjer å takke JETS Vacuum As for avtalen og ser fram til eit godt samarbeid vidare.


Video: Nanseth Media

 

Annonse: