JESPER TÖRNQVIST BLIR SPORTSSJEF

Jesper Törnqvist blir sportssjef i Hødd Fotball.

Jesper Törnqvist har takka ja til å bli sportssjef i Hødd Fotball og starta i stillinga frå 01.01.2021. Jesper har vore sportssjef for Hødd breidde det siste året, men får no eit utvida sportsleg ansvar som gjeld heile klubben.

Jesper ser fram til å starte i jobben:
- Eg gleda meg veldig til å ta fatt på nye oppgåver frå nyttår. Det å kunne jobbe med sport i både topp og breidde skal bli utruleg spanande, og eg gleda meg til å jobbe enda tettare saman med alle trenarar/ leiarar og resten av administrasjonen. Det har blitt gjort ein god jobb i koronaåret 2020 som gjer at vi har eit godt utgangspunkt. Samtidig må vi utvikle oss, og lære slik vi kan bli best mogleg på alle plan! Vi må heile tida jakte på å bli betre og utfordre kvarandre.
 
- Målet er å få ut maks på alle plan i alle ledd i organisasjonen. Vi er pr. i dag 600 aktivere spelarar, trenarar og leiarar, og vi vil at ALLE skal føle Høddvoll som sin andre heim. Ein trygg plass med moglegheiter der ein kan vekse både som spelarar, trenarar og ikkje minst som menneske!, seier sportssjef Jesper Törnqvist.
 
Hallstein Saunes, leiar for sportsleg utval er sikker på at Jesper vil forsterke «den blå tråden»:
- I Jesper får vi no ein sportssjef med overordna ansvar for sportsleg organisering og drift av heile klubben. Hødd er heilt avhengig av igjen å bli blant dei beste på spelarutvikling. Aktivitetsnivået i breiddeavdelinga og tiltaka i «Høddskulen» gir eit godt tilbod til alle – også dei som vi trene mykje og bli gode. Vi skal tilbake i OBOS-ligaen og vårt damelag skal hevde seg i 2. divisjon. Dette oppnår vi ikkje utan å få fram spelarar som er gode nok, i eigen klubb og frå klubbane rundt oss.
 

- Jesper kjenner klubben godt. Han har spelarerfaring på høgt nivå og han har levert som sportssjef i breiddeavdelinga. Fotball er eit lagspel og Jesper er ein lagbyggar. Vi er sikre på at Jesper på ein god måte vil forsterke «den blå tråd», frå minifotball til A-laget i saman med engasjerte trenarar og lagleiarar. Vi ønsker Jesper lykke til, seier Hallstein Saunes.
 

Annonse: