J14 med sølv på Hamar

Hødd J14 tok ein fin andreplass i Jente talent cup på Hamar i helga.

Talentcupen er ei turnering der ein får møte mange av dei beste jentelaga i sør Norge. 
Etter tre strake sigrar i gruppespelet med 2-1 over Nittedal,  4-0 mot Nordstrand og 1-0 over Kjelsås på laurdag vart det klart for A sluttspel på søndag.
Her vart det 10 seier over Høvik Amazon i ¼ finalen og 2-0 over Skedsmo i semifinalen før Kjelsås på ny stod på den andre banehalvdelen i finalen søndags kveld. Denne gongen var det Kjelsås som drog det lengste strået og vant 2-0
All honnør til jentene for ein fantastisk innsats på Hamar. 

På Biletet
Bak fra venstre:
Susanne Våge, Mathea Ringstad, Stine Saunes Roald, Lone Strande, Andrea Rønning, Amalie Fjørtoft Vik, Andrea Holstad Grimstad, Synnøve Verås Grimstad, Madelen Eid

Framme fra venstre:
Julie Myrene, Anna-Magdalena Tjervåg, Hilde Årsbog Bjåstad, Mia Dimmen, Maya Aarseth, Siril Vattøy Endresen og Amanda Worren Eikrem.

Vi gratulerer Hødd J14 med strålande innsats på Hamar talent cup!

Annonse: