ISAK OG JOHANNES HAR SIGNERT

Isak Gabriel Skotheim har forlenga kontrakten med Hødd ut 2021-sesongen. I tillegg gjer Johannes Sundgot comeback i Hødd-drakta og har signert ut året!

Isak debuterte for Hødd i 2017 og vart teken opp i A-stallen i 2018. Han fekk 1 kamp frå start og 9 innhopp i Hødd-drakta i 2019. Isak er ein kreativ midtbanespelar med god teknikk, overblikk og god balanse. Ein offensiv midtbanespelar som kan skape ubalanse hos motstandarlaget. No har han forlenga avtalen med Hødd ut 2021-sesongen!

Johannes spelte i fjor vårsesongen i Hødd før han reiste til USA å starta med studiar der. Etter at Covid-19 braut ut for fullt, reiste Johannes heim til Ulsteinvik og har derfor ei god stund trena med Hødd. Han fekk debuten sin for Hødd i 2017 og står med 17 kampar for Hødd i PostNord-ligaen og NM totalt. Johannes med sine gode offensive kvalitetar som back blir ein flott tilvekst til A-stallen i Hødd.

Hovudtrenar Kevin Knappen seier dette i ein kommentar:

- Vi forlenga og fornyar avtalen med to av vore eigenproduserte spelarar. Isak Skotheim forlenga sin avtale ut 2021 og Johannes Sundgot signerer ein avtale ut året. Isak er ein teknisk spelar som lika å utfordre med ball, som kan spele i fleire roller på midtbana. Johannes er tilbake etter eit kort USA opphald, ein vingback som har sine klare styrker 1:1.

Vi gratulerer Isak og Johannes!

 

Annonse: