Ian Burchnall sitt opphald i Hødd er over

Ian Burchnall reiste ikkje til Ulsteinvik med Hødd-laget etter kampen mot Skeid. Dette grunna at han har vorte kontakta av ein klubb i høve ny jobb.

Ian skulle etter planen vere i Ulsteinvik til komande søndag, men då ein klubb viste interesse for den flinke engelskmannen vart opphaldet kortare enn planlagt. Dette er noko vi i Hødd sjølvsagt har full forståing for:

-Når vi tok kontakt med Ian og spurte om han kunne tenke seg å bidra i Hødd nokre veker i sommar, var det i full forståelse om at det kunne skje ting som gjorde at han måtte avbryte her med oss.
Meininga var at han skulle være med oss til etter kampen mot Fløy komande laurdag. No er det slik at ting er på gang i forhold til ein ny spennende jobb for Ian, og han må bruke dei komande dagane på å avklare dette, noko vi sjølvsagt har full forståelse for. Ian er ei flott type, dyktig og engasjert, og vi ønsker å takke han for hans positive bidrag i den tøffe kampperioden laget har vore inne i, seier Sportsjef Andrè Nevstad. 

Ian nyttar også høvet til å takke for seg etter ei veke i Hødd.

- Eg vil takke for meg etter det korte opphaldet i Hødd. Eg rakk å bli svært imponert over Hødd og menneska i klubben. Fundamentet for å få til ting er veldig godt i klubben, seier den sympatiske Leicester-karen.

Vi ønsker Ian og familien lykke til og alt godt, og set stor pris på det gode forholdet som vi har fått med Ian.

Annonse: