HØDD - TRÆFF LAURDAG

Laurdag spelar Hødd damelag heimekamp mot Træff på Høddvoll. Kampstart kl. 14.00. Bli med å støtt laget!

Laurdag kl. 14.00 spelar damelaget heimekamp mot Træff. Damelaget har tre heimekampar på rad no, der to av dei skal gjennomørast før ferien. Først ut er Træff laurdag og det er venta å bli ein tøff og jamne kamp mellom to gode lag. Laga har møtt kvarandre tidligare i år på Høddvoll i ein treningskamp, der bortelaget vann knepent. Damelaget til Hødd har tatt store steg sidan den tid og håper å snu marginane denne gongen til sin fordel.

Hødd opna sesongen svært godt, men har fått det tøft mot topplaga i dei siste kampane. No er laget ferdig med alle topplaga før ferien og i dei komande kampane som ventar er det derfor mogleg å ta poeng i. 

Totalt sett har det vore ein flott sesong for damelaget så langt, sjølv om det har blitt tøft mot topplaga i det siste. Laget står med 7 poeng etter seks serierunder og er plassert på ein god 5. plass. 

Vi håper mange tek turen til Høddvoll laurdag og gir laget god støtte! 

Tropp

Agata Drozdzik, Andrine Nevstad, Anna Nerland Aahjem, Cecilia Bakke, Ellen Nerland Aahjem, Hannah Rekdal, Jenny Gjerde, Johanne Helvig, Kethleen Lorenzo Alstadsæter, Lina Solheim Stave, Oline Marø Sundgot, Ragnhild Ertesvåg, Rebecca Eikrem Sande, Thea Ertesvåg, Vilde Sundal.

HEIA HØDD!

Annonse: