
HØDD MOT CORONA
Ein kamp med tre utfall der du er med å støttar tre frivillige organisasjonar!
Kjære Hødd-Familie!
Sesongstarten skulle eigentleg vere rett rundt hjørnet for både store og små, men slik er det dessverre ikkje.
Corona-viruset har gjort eit solid inntrykk i dagens samfunn og det gjer at årets sesong er utsett i første omgang til mai. Dette skapar store utfordringar for alle idrettslaga i Noreg, også for Hødd økonomisk med tapte inntekter som klubben sårt skulle hatt dei neste månadane for å drifte klubben.
Vi håpar derfor DU som sponsor, supporter og støttespelar vil vere med å bidra til å støtte klubben i denne krevjande perioden vi går inn i for å kompensere for tapte inntekter som klubben får. Dette vil vere ringverknadar som er med å støtta både topp- og breiddefotballen i Hødd. Liten, men stor!
Kr. 100,- barn
Kr. 200,- vaksen
Kjøp billett her!
Hødd ynskjer også å gi noko tilbake til lokalsamfunnet av dei totale inntektene som klubben får inn:
10% går til Sørøyane Røde Kors
10% går til Ulstein Frivilligsentral
Det betyr at til fleire som er med å støttar klubben, til meir vil Sørøyane Røde Kors og Ulstein Frivilligsentral få av Hødd. Ein kamp med tre utfall der du er med å støttar tre frivillige organisasjonar!
Tusen takk til alle som har moglegheit til å bidra, enten det er ved å kjøpe billettar, dele tiltaket på sosiale media eller begge deler.
TAKK FOR AT DU BIDREG!