Hødd G19 - RBK G19 på torsdag 16 august kl.18.00

Torsdag 16.08 kl 18.00 blir det storkamp på Høddvoll. Det er tredje runde i G19 NM, og ingen ringare enn RBK kjem på besøk.

Rosenborg BK har møtt Trond G19 og Namsos G19 i første og andre runde, og har en målforskjell på 18-0 frå dei 2 første kampane, og er ilag med Molde kjent for å være av dei beste G19 laga i landet. Hødd slo Spjelkavik 4-3 og stryn 7-4 i første og andre runde, begge på bortebane. I fjor måtte Hødd G19 ta farvel i tredje runde i cupen , då dei tapte på straffespark etter 1-1 mot Molde G19. Molde vant deretter G19 NM i fjor, der dei slo nettopp RBK G19 i finala.

Eg tok ein prat med ein av leiarane til G19 gjengen, Jesper Tørnquist for å høre kva tanka han hadde om kampen i morga. Han sa han forventa en tøff kamp, men trur det uansett blir lærerikt for spelarane å få prøve seg mot so god motstand. Rosenborg BK har alltid eit av dei beste rekrutt laga i Norge, sei Jesper. Han regna dessutan med at Hødd stiller so godt lag dei kan, det vil sei vi kan vente oss at A-spelarane Peter Hasund, Johannes Sundgot og Isak Skotheim er i troppa til kampen mot RBK. Han oppmodar publikum om å møte opp, og sjå gutane våre måle krefter mot eit storlag. Vi kjem til å få sjå eit godt høddlag som vil vise seg fram. Han trur det vil bli ein jamn kamp som Hødd vil vere med på, og han lover full innsats frå dei Blåkvite!

Vi legg opp til ei fantastisk ramme på kampen med speaker og kiosk, so vi håpar alle som kan, tek turen til Høddvoll. Ser ut som det blir godt gammaldags høddvêr også, so dette blir spennande!

Heia Hødd!

Annonse: