HØDD FORSTERKAR LAGET

Simon Silverholt (26) og Marco Priis Jørgensen (29) har i dag signert ein avtale med Hødd ut 2020-sesongen, med opsjon på ytterlegare eitt år!

Simon er svensk og spelte i 2019 for IFK Mariehamn i den øvste divisjonen i Finland. Han står oppført med 43 kampar, 9 mål og 8 assist totalt i Veikkausliiga. Simon er ein offensiv kantspelar med bra fart. 

Marco er dansk og spelte i 2019 for FC Roskilde. Han har også ei fortid i Norge, der han har spelt for Mjøndalen, Ham Kam og Arendal dei siste åra. Keeperen har erfaring frå Tippeligaen og OBOS-ligaen med Mjøndalen. Ein høgreist keeper med god rekkevidde. 

Det har blitt jobba godt med å forsterke laget før seriestart og klubben har derfor fått med seg fleire støttespelarar som har bidrege med kroner for å gjere det mogleg å hente inn forsterkningar.

Vi takkar for støtta:
Vegard Ulstein
Memori As
Jonny Mork
Roy Victor Bikset
I tillegg er det med 3 personar som ynskjer å vere anonyme.
Eit solid bidrag frå vår 12. mann Blåsarane – Tusen Takk!
 
Hovudtrenar Kevin Knappen seier dette i ein kommentar:
- Vi er stolte av å kunne presentere:
Keeper Marco Priis Jørgensen og kantspelar Simon Silverholt, dei komplimenterer ein elles sterk Hødd stall. 
To spelarar med erfaring frå høgre nivå. 
Priis Jørgensen er ein seriøs, treningsivrig sisteskanse med solid erfaring frå høgre nivå.
Silverholt er ein offensiv spelar som kler kant og spiss. Hurtig og hardtarbeidande som leverer målpoeng. Erfaring frå toppserie i Finland og Sverige.
Dette er kome i hamn med hjelp av solide støttespelarar i og rundt klubben. Stor takk til dei!
 

Vi ynskjer Simon og Marco velkomen til Hødd!

FAKTA

  • Namn: Simon Silverholt

  • Fødd: 17. juni 1993

  • Posisjon: Kant/ spiss

  • Tidlegare klubbar: IFK Mariehamn, GAIS, Halmstad.

FAKTA

  • Namn: Marco Priis Jørgensen

  • Fødd: 2. juni 1991

  • Posisjon: Keeper

  • Tidlegare klubbar: FC Roskilde, Ham Kam, Mjøndalen, Arendal, FC Midtjylland, Long Island Rough Riders, HB Köge, Hvidovre IF

Annonse: