Hødd - Førde 2-2

Uavgjort 2-2 mot Førde på Høddvoll.

Kampreferat

Hødd spelte uavgjort i dagens kamp på Høddvoll. Målskorarar for Hødd var Sondre Beite og Badr Rahhaoui.

1. omgang

Kampens fyrste sjanse kom etter 2 minutt. Preben Sætre slo eit godt innlegg frå venstre som Sondre Beite avslutta rett på keeper. Hødd fortsatte presset utover omgangen, der både Didrik Sereba, Torbjørn Kallevåg, Steffen Moltu og Beite kom til gode sjansar. Nemnte Kallevåg hadde blant anna tre fine moglegheiter på langskot. Etter 40 minutt tok Hødd leiinga, då Kallevåg spelte Beite fint gjennom åleine med keeper. Beite satt ballen sikkert i lengste. Rett før pause auka Badr Rahhaoui til 2-0 med si fyrste scoring for klubben. Martin Mork Breivik slo eit godt innlegg som Badr brukte to forsøk på å sette i mål. Stillinga ved pause var dermed 2-0.

2. omgang

Førde sin keeper fekk seg ein smell like før pause, og sidan dei ikkje hadde nokon reservekeeper på benken, stod Sivert Pieroth 2.omgang for laget frå nabofylket. Førde var betre med i starten av omgangen, då blant anna ei klarering gjekk like ovanfor målet til Jan Lennart Urke. Etter 60 minutt var Sereba nære ved å sette inn 3-0 etter pasning frå Badr, før Førde 10 minutt seinare reduserte til 2-1. Eit korridorfrispark frå Hødd si høgreside gjekk forbi alt og alle. Hødd var nære ved å svare etter 80 minutt, då Daniel Eid heada eit frispark frå Eirik Saunes like utanfor. På overtid fekk Førde eit korridorfrispark nok ein gang, men denne gang frå Hødd si venstreside. Korridorfrisparket blei heada i lengste hjørne bak keeper Urke. Kampen endte dermed 2-2.

Laget

Urke - Breivik, Törnqvist, Moltu, Sætre - Kallevåg, Rise, Torset - Beite, Badr, Sereba.

Benk: Pieroth, Eid, Saunes, Zakaria, Brautaset, Haanes, Rekdal.

Annonse: