Hødd-Blindheim/Fortuna onsdag klokka 18.30

Damelaget klar for ny viktig kamp heime på Høddvoll

Damelaget er klar til ny kamp heime på Høddvoll onsdag klokka 18.30, mot Blindheim/Fortuna. Etter sist vekes siger mot Hareid har Hødd ei 3 poengs luke ned til Volda som ligg på 2.plass, men Hødd damene har ein kamp mindre spelt. Volda skal også ut i kamp onsdag, dei møter Herd2 på Herdtun klokka 18.15. 

Det blir som vanleg open kiosk og vi håper at mange vil ta turen til Høddvoll for å støtte Hødd damene i kampen om siger i avdelinga. 

Etter damekampen er det nok eit viktig oppgjer på Høddvoll. Hødd3 i 6.divisjon møter Tjørvåg, ein kamp Hødd må vinne for å ha sjans til å kjempe om eit opprykk til 5.divisjon. Avspark klokka 20.30. 

Vi ønsker begge lag lukke til!

Annonse: