HØDD-BOKA ER FRAMLEIS Å FÅ KJØPT

Hødd si jubileumsbok vart seld i knapt 450 eksemplar før jul. Det betyr at det enno er nokre bøker å få tak i. Ved å ta kontakt direkte med forfattar Arne Flatin på 915 71 410 kan du avtale kjøp. I tillegg er der nokre bøker på Høddvollhuset og bokhandlarane i Ulsteinvik har fått nokre eksemplar kvar.

Jubileumskomiteen i IL Hødd er godt fornøgd med boksalet og hadde sist veke oppsummeringsmøte av jubileumsåret 2019. Konklusjonen er at det vart gjennomført mykje bra med fleire gode og samlande arrangement i løpet av året. Alt frå kick-off på Sjøborg i januar til den store jubileumsfesten på Ulstein Arena i september.
Hødd sin jubileumskolleksjon er det også framleis mogleg å kjøpe frå. Blåsarane har dette i sin butikk og i tillegg er det berre å ta kontakt direkte på Høddvollhuset for kjøp av retro-drakt, hue, skjerf, krus eller ball. Salet av kolleksjonen vart noko svakare enn det jubileumskomiteen hadde håpt på, men det er altså fullt mogleg å skaffe seg den populære retro-drakta, der prisen vart sett ned til 480 kroner før jul.

Hødd-boka og jubileumskolleksjonen vart seld før jul. På biletet ser vi nokre av A-spelarane med under ein av salsdagane ein laurdag på Blåhuset. Frå venstre Ole Monrad Alme, Daniel Eid og Preben Sætre. Dei to sistnemnde stilte opp fleire dagar og hjelpte til med salet.
 

Annonse: