Hødd 2 styrka leiinga i 4. divisjon

Rekruttlaget med 4-0-siger på Godøya torsdag kveld.

Kampen opna med stor dominans frå Hødd 2. Gjestane hadde ballen mykje og rulla opp det eine angrepet etter det andre. Godøy låg lavt og kompakt, og gjor det dermed vanskeleg for Hødd 2. Samtidig var dei blåkledde frå Ulsteinvik gode i press-spelet sitt og vann igjen ballen hurtig. Etter 16. minutt kom 1-0 ved Johannes Sundgot på straffespark. Det var Badr Rahhaoui som blei felt inne i straffefeltet etter eit flott angrep av dei blåkvite. 

Hødd 2 fortsatte å ha ballen mykje, men etter 1-0-skåringa hadde også heimelaget eit par målsjansar på kontringar. Desse målsjansane avverga Sivert Pieroth på ein god måte. I det 41. speleminutt kom 2-0, etter eit flott angrep som enda med at Peter Hasund la igjen ei krempasning til Daniel Haanes. Midtbanespelaren breisida ballen i lengste hjørne frå 18 meter. 2-0 stod seg til pause.

2. omgang fortsatte som dei første 45. minutta - Hødd hadde ballen mykje og dominerte kampen, men Godøy låg lavt og kompakt, gjor det vanskeleg for gjestane og satsa på kontringar. Omlag 10 minutt ut i omgangen kom 3-0 - eit sjølvmål av Godøy etter litt klabb og babb inne i feltet etter ein innleggssituasjon, der Badr Rahhaoui var siste Hødd-spelar på ballen. Det siste målet kom fem minutt før slutt signert William Fjørtoft (bilde) - eit prosjektil i krysset!

Trenar Sander Nyland sa følgande etter kampen:

- Vi er fornøgde med å vinne kampen 4-0. Ein fortjent siger i ein kamp med fleire ein del angrep og godt press-spel. Samtidig må vi vere ærlege å seie at vi fortsatt har ein del å gå på i det å velge det gode gjennombrotet, spesielt på siste tredjedel. Det jobbar vi med, og kjem til å prioritere, i tida framover. 

Annonse: