Hødd 2 - Oppsal søndag kl. 15.00

Hødd 2 spelar første seriekamp i 3.divisjon mot Oppsal søndag kl. 15.00!

Etter opprykket frå 4. divisjon til 3. divisjon i fjor er no Hødd 2 klare for seriestart! Hødd 2 tek i mot Oppsal i første serierunde med kampstart kl. 15.00!

Vi minner om at alle som viser sesongkortet ved inngangen kjem inn på stadion utan å måtte betale ekstra. Hødd 2 sine kampar i Norsk Tipping-ligaen er inkludert i sesongkortet for 2018.

For dei som ikkje har kjøpt sesongkort enda er prisen:

Vaksne kr. 100,-
Barn/ honnør kr. 50,-

KUN KONTANT BETALING VED INNGANGEN.

Det blir kun hovudtribuna som blir opna på Hødd 2 sine heimekampar. 

Det blir open kiosk, speakerteneste, musikk og visninga av kampen på storskjerm.

Tropp til kampen kjem i kveld! Følg derfor med her for oppdatering for kven er i troppa til morgondagens kamp.

Velkomen til Høddvoll søndag!

KAMPFAKTA

  • NORSK TIPPING-LIGAEN AVD 1

  • HØDDVOLL

  • 15.04.2018 KL. 15:00

Annonse: