Hødd – Aafk. 2.runde junior NM

I kveld kl. 18:00 er det klart for 2.runde i NM for Juniorlaget

Ein ny dag og nok ein storkamp i cupen på Høddvoll. I dag er det juniorlaget som skal spele mot rivalen frå Ålesund. Hødd gjekk som kjent vidare frå 1.runde etter ein sterk 0-3 siger over Bergsøy for ein månad sidan. Aafk gjekk vidare etter å slått ut nabo Langevåg 4-1 på Color Line Stadion.
 
Jesper er for tida ute i permisjon og det er difor Reidar Vikebakk og Harald H. Rise som er kampleiarar i dag.
 
- Cup er utruleg artig og vi gler oss! Vi har nokre småskader i laget, men vi stiller eit sterkt og meget klart mannskap til kampen!
 
Det vert speaker på kampen!
 
Annonse: