Henrik og Andreas Breimyr til Hødd

Hødd har signert kontrakt med Henrik (23 år) og Andreas Breimyr (21 år), begge på 2 år.

Henrik har spelt i Tippeligaen for Viking og Start, i tillegg har han over 80 kampar for Bryne i OBOS-ligaen. Sist sesong spelte han for Sandnes Ulf.
Han har 10 aldersbestemte landskampar, den siste i 2013 for Norge U 21. Henrik er fysisk sterk og kan spele både midtstoppar og sentralt på midtbana.

Andreas Breimyr kjem til Hødd frå Viking FK, dit kom han sist sommar og var i Viking sin A-stall utan å få speletid i Tippeligaen.
Han kom til Viking frå Crystal Palace, der han fikk sin A-lagsdebut i ein treningskamp mot Barnet i 2015.
Andreas er ein spelar som kan dekke fleire posisjonar, både i forsvar og på midtbana.

Både Henrik og Andreas har hatt sin oppvekst i England og spelt fotball på ulike akademi bl.a Aldershot og Reading.

Vi ønskjer Henrik og Andreas velkomen til Ulsteinvik og Hødd!

Annonse fra Obos-ligaen: