HELENA NYGÅRD KLAR FOR HØDD

Helena Nygård har signert for A-lag damer og vil spele i Hødd-drakta i 2020! På biletet ser vi assistenttrenar Ragnhild Ertesvåg i saman med nysigneringa Helena Nygård.

Helena kjem frå Ørsta og har spelt for Ørsta IL fram til i dag. I tillegg har den talentfulle og gode spelaren fleire kampar for kretslaget. No har ho signert for Hødd og vil vere ein flott tilvekst for Hødd-laget som skal kjempe om poeng i året 2. divisjon.

Ei spanande signering for A-lag damer!

Hovudtrenar Robin Shroot seier dette i ein kommentar:
- Vi er veldig glade for at Helena valgte å signere for Hødd. Ho har visst fram sitt store potensial frå dag ein når ho starta å trene med laget. Ho har ei flott personlegheit og jobba hardt kvar dag for å utvikle seg vidare som spelar. Vi  jobba dagleg med å utvikle damefotballen i Hødd i framtida og ønsker produsere spelarar som elska å spele kampar og som ønsker å utvikle seg. Helena er heilt klart i den kategorien og med erfaringa frå kretslaget er ho heilt klart ein spelar som gir laget meir kvalitet.
 
Helena Nygård seier dette i ein kommentar:
- Eg valte å spele for Hødd fordi at det er eit spelande lag som passa meg fint og i tillegg klarte laget seg godt i 2. divisjon i fjor. Det blir ei ny utfordring for meg som eg ser veldig fram til.
 

Vi ønsker Helena velkomen til Hødd!
 

Annonse: