FULL POTT ETTER TO SERIERUNDER

Damelaget vann full fortent 3-2 mot Nardo på Høddvoll laurdag! No ventar toppkamp mot FK Fortuna neste laurdag!

Damelaget har opna sesongen på best mogleg vis og står med full pott og 6 poeng etter to serierunder! 

Laurdag ettermiddag tok Hødd damelag ein sterkt siger på Høddvoll mot Nardo. Slik var kampen:

1. OMGANG

Hødd gikk rett i strupen på Nardo dei første minutta av omgangen og tok raskt initiativet i kampen. Etter 12 minutt skulle Hødd få uttelling for det høge presset. Agata Drozdzik spelte ei flott gjennombruddspasning til Anna Nerland Aahjem i bakrom og Anna parkerte Nardo-forsvaret og satte ballen enkelt i hjørnet! 1-0 til Hødd!

Hødd fortsatte å presse høgt etter skoringa og tvinga Nardo til å slå mykje langt. Først etter 17 min skulle bortelaget få sin første sjanse i kampen. Ein ballmiss sentralt i bana og ei flott pasning i bakrom, så var plutseleg Nardo-angriparen heilt aleine med keeper, men ei god redning av Erika Skarbø i Hødd-målet hindra mål i mot.

I det 28 minutt skulle Hødd få sitt andre mål i kampen. Anna Nerland Aahjem vart spelt i gjennom av Cecilia Bakke i bakrom rettvendt og satte på turboen igjen, og sprang rett i frå forsvaret. Aleine med keeper gjorde ho ingen feil og auka leiinga til heimelaget Flott avslutning og 2-0 til Hødd!

Hødd hadde bra konroll på kampen etter dette og skulle eigentleg gå til pause med ei komfortabel 2-0 leiing. Men slik vart det ikkje og ny spenning i kampen vart det når Nardo sin spelar Marie Moan fekk stå heilt aleine inne i 16 meteren og tuppe ballen i mål.

Men Hødd var fortsatt i leiinga!

2. OMGANG

I andre omgang gjorde Hødd akkurat som i første. Aggressive og høgt press mot eit Nardo forsvar som ikkje virka komfortable med å få press på seg. 

Rett etter pause i det 47 minutt skulle Hødd få ein kanonstart på omgangen! Nok ein gong vart Anna Nerland Aahjem spelt i gjennom i bakrom. Ei flott vekta pasning frå Ragnhild Ertesvåg og Anna var nok ein gong rett i gjennom og aleine med keeper. Ei flott avslutning av Anna og 3-1 til Hødd var eit faktum! Dagens tredje mål til Anna!

Hødd var farleg frampå med eit frisparktrekk like etter og kunne fort ha avgjort kampen på dette tidspunktet.

Laget hadde bra kontroll på kampen etter skoringa, men først i det 83 minutt skulle det bli spenning i kampen igjen når Nardo reduserte til 3-2.

Ingen store sjansa kom etter dette og nok ein siger til damelaget var eit faktum! Seks poeng på to kampar og laget leiar fortsatt avdelinga før tredje runde som blir spelt laurdag 4. mai. Då ventar FK Fortuna til toppkamp på Høddvoll! Ta derfor turen til Høddvoll å støtt jentene neste laurdag.

VI VINN FULLT FORTENT!

Hovudtrenar for damelaget, André A. Gardshol seier dette i ein kommentar etter kampen:

- Nok ein gong vinn vi fullt fortent og tek 3 poeng mot eit godt Nardo-lag! Dette er ein solid lagsiger og jentene skal ha all honnør for den innsatsen som blir lagt ned på bana i dag. Vi er klart best i store delar av kampen og kunne fort ha skora fleire mål og avgjort kampen på eit tidlegare tidspunkt. Det blir litt spenning på slutten når Nardo reduserer til 3-2, men jentene viser karakter og ror sigren i land. Vi mistar litt struktur i laget på slutten av begge omgangane, men det skal vi jobbe vidare med i den komande treningsveka som ventar oss. Ein fantastisk innsats av laget i dag! No ventar Fortuna neste laurdag til toppkamp på Høddvoll. Her er det berre å møte opp å støtte laget!

LAGET

Erika Skarbø, Lina Solheim Stave (45 min - Vilde Sundal), Hannah Rekdal, Madelen Gustavsen (68 min - Kethleen L. Alstadsæter), Cecilia Bakke, Andrine Nevstad, Ragnhild Ertesvåg (94 min - Johanne Helvig), Agata Drozdzik, Johanne Helvig (76 min - Rebecca Eikrem Sande), Ellen Nerland Aahjem (68 min - Thea Ertesvåg), Anna Nerland Aahjem.

Annonse: