Fortent siger til Hødd 2

Hødd 2 tok ein fortent siger når Langevåg IL gjesta Høddvoll måndag kveld. Heimelaget gav seg ikkje før det sto 6-1 på resultattavla. Sjå kampreferatet her!

1. omgang

Hødd 2 starta kampen på best mulig vis og det første målet kom allereie etter 2 min. Håkon Brautaset vart spelt i gjennom og satte enkelt inn 1-0.

Hødd 2 fortsatte å presse bortelaget, noko som gav raskt resulat. Eit innlegg vart slått inn i boksa der Elias Flø styrte ballen enkelt forbi Langevåg keeper Håkon Rødseth Kjølsøy. 4 min og 2-0 til heimelaget.

Det skulle ikkje ta lang tid før bortelaget reduserte til 2-1 etter skoring av Daniel Alexander Dybvik Määtä. 

Heimelaget var det førande laget og produserte fleire halvsjansar utover omgangen utan at det resulterte i fleire mål før pause.

2. omgang

Hødd 2 starta like godt andre omgang og satte inn 3-1 i det første speleminuttet etter pause. Eit innlegg vart slått inn i boksa, der Gustav Brandal Dimmen satte ballen enkelt i mål.

Etter 59 min spelte heimelaget seg fint i gjennom Langevåg-forsvaret og Gustav Brandal Dimmen gjorde ingen feil aleine med keeperen i Langevåg-målet. 4-1 til Hødd 2.

I det 77 min var Hødd 2 frampå igjen. Eit godt innlegg frå William Fjørtoft vart slått inn i feltet og Isak Haanes hadde ein enkel jobb med å sette ballen i mål.

Hødd 2 ville ikkje gi seg med dette og etter 81 min kom 6-1 skoringa. Etter gode kombinasjonar var plutselig Isak Skotheim heilt aleine med keeper og gjorde ingen feil i avslutninga. 6-1 til Hødd 2!

Kampoppsummering

Hødd 2 hadde god kontroll gjennom 90 min og vinn fortent 6-1 til slutt. Heimelaget sine mål vart skora av Gustav Brandal Dimmen x2, Håkon Brautaset, Elias Flø, Isak Haanes og Isak Skotheim.

Einar Magne Skeide seier dette etter 6-1 sigeren over Langevåg IL

- Vi spelar ein god kamp i dag. Det at vi ikkje tek lett på oppgåva viser at laget gjennomfører kampen på ein god og profesjonell måte. Vi skorar også fleire flotte mål i dagens kamp etter godt spel og enkeltprestasjonar. 

Laget

Joakim Ulstein, William Fjørtoft, Aleksander Rekdal, Jesper Törnqvist, Elias Flø, Håkon Brautaset, Bam Hide, Martin Mork Breivik, Gustav Brandal Dimmen, Isak Skotheim og Sander Djupvik.

Reservar

Isak Haanes, Sondre Gjerdsbakk, Petter Haddal Worren, Bastian Myklebust Rasmussen og Andreas Moldskred. 

Vi takkar Langevåg IL for kampen!

Annonse: