FØRSTE TRENINGSKAMP PÅ HEIMEBANE

Hødd A-lag herrer spelar årets første treningskamp på heimbane fredag kl. 18.00 når Spjelkavik kjem på besøk til Høddvoll.

Hødd A-lag herrer spelte førre laurdag borte mot Molde FK i det som var årets første treningskamp på bortebane. Hødd hang bra med i kampen i perioder mot fjorårets seriemeister i Eliteserien, og med kun få veker med opptrening, så kunne vi sjå tendensar på kva vi har i vente av årets Hødd-lag i PostNord-ligaen.

No ventar ein ny motstandar i 3. divisjonslaget Spjelkavik IL og vi ser for oss eit litt anna kampbilete der Hødd mest truleg vil ha ballen mest og styre kampen. Det skal bli spanande å sjå laget i aksjon på Høddvoll igjen og vi forventa å sjå eit heiltent lag som går ut på bana for å vise seg fram, sjølv om det kun er ein treningskamp!

Det blir speaker og kiosk på kampen.

Ta derfor turen til Høddvoll fredag å få med deg årets første treningskamp på heimebane.

Vi ønsker Spjelkavik IL velkomen til Høddvoll fredag!

Annonse: