FØRSTE HEIMEKAMP FOR DAMELAGET

Damelaget spelar årets første heimekamp på Høddvoll i 2. divisjon når Nardo kjem på besøk laurdag kl. 14.00. Møt opp å støtt damelaget i kampen mot Nardo!

FØRSTE HEIMEKAMP FOR DAMELAGET

Hødd damelag opna sesongen på best mogleg vis når laget tok tre poeng borte mot Sunndal i seriepremiera i 2. divisjon. Laget vann 2-0, og etter spel og sjansar kunne denne sigeren vore enda større. Men to mål rette vegen og null baklengsmål er meir enn godkjent mot eit lag som er tippa høgre enn Hødd på tabellen. Damelaget har derfor fått ein god start på sesongen!

No ventar Nardo på Høddvoll førstkomande laurdag kl. 14.00 og laget treng di støtte når dei no skal kjempe om nye tre poeng.

Det blir speakerteneste og visning av kampen på storskjerm!

MÅL OM Å HOLDE OSS I 2. DIVISJON

Vi har tatt oss ein prat med Anna Nerland Aahjem som satte inn det avgjerande 2-0 målet mot Sunndal i seriepremiera. 

Målskorarane i kampen mot Sunndal: Anna Nerland Aahjem t.v. og Agata Drozdzik
Målskorarane i kampen mot Sunndal: Anna Nerland Aahjem t.v. og Agata Drozdzik

Tre poeng i seriepremiera mot Sunndal og ein god start på sesongen. Korleis var det å endeleg å kome i gang med serien etter ein lang vinter?

- Det var veldig kjekt å endeleg kome i gang! Vi fekk ein god start på sesongen med 2-0 seier, og det smakte ekstra godt som undersdogs!

Mange har tippa Hødd damelag rett ned igjen til 3. divisjon. 2-0 sigeren mot Sunndal er vel då eit signal til resten av laga i avdelinga at Hødd har tenkt å etablere seg i 2. divisjon?

- Vi har sjølvsagt eitt mål om å holde oss i 2. divisjon, og det at vi klare å motbevise påstandane om å rykke rett ned igjen trur eg er ein veldig god motivasjonsfaktor for heile laget. Sigeren mot Sunndal var derfor særs viktig for oss på vegen mot å sikre plassen!

Sjå tabelltipset her!

Årets første heimekamp på Høddvoll laurdag med forhåpentlegvis mykje folk og god støtte på tribuna. Det blir vel kjekt?

- Det blir veldig kjekt å endeleg få spele seriekamp på heimebane. Vi håpar på å sjå mange på tribuna som vil heie på oss! Det er ein kamp vi bør og kan vinne, så vi treng all støtte vi kan få!

Du var farleg frampå ved fleire høve i kampen mot Sunndal og noterte deg både med skoring og assist. Dette gir vel sjølvtillit inn i neste kamp mot Nardo?

- Ja, det gir sjølvsagt ein ekstra boost, men det står igjen ein del detaljar før alt sete skikkeleg, og eg vil fortsette å jobbe med dei små detaljane for å bli endra betre, og forhåpentlegvis vere med på å avgjere kampar i serien!

TROPP

Andrine Nevstad, Agata Drozdzik, Anna Nerland Aahjem, Cecilia Bakke, Ellen Nerland Aahjem, Erika Skarbø, Hannah Rekdal, Johanne Helvig, Kethleen Lorenzo Alstadsæter, Lina Solheim Stave, Madelen Gustavsen, Oline Marø Sundgot, Ragnhild Ertesvåg, Rebecca Eikrem Sande, Thea Ertesvåg, Vilde Sundal. 

Vi ønskjer damelaget lykke til i heimekampen mot Nardo laurdag!

KAMPFAKTA

  • 2. DIV. KVINNER AVD. 06

  • HØDDVOLL

  • 27.04.2019 KL. 14:00

Annonse: