FØRSTE HAUSTKAMP MOT SUNNDAL

Laurdag spelar damelaget årets første haustkamp når Sunndal gjestar Høddvoll. Kampstart 14.00!

Etter ein god vårsesong i 2. divisjon er no Hødd damelag klare for å starte haustsesongen. Først ut er Sunndal som Hødd slo 2-0 i første seriekamp på bortebane.

Sunndal fekk ein tøff start på sesongen og har kjempa i botnen av tabellen i heile vår, men fekk seg eit oppløftande resultat i siste kampen på våren når laget slo Nardo 2-0 på heimebane. 

Det blir ein skikkeleg viktig kamp for begge lag laurdag når Hødd og Sunndal møtes til kamp. Med siger eller uavgjort vil mest truleg Hødd stå i divisjonen og førebu seg på spel i 2. divisjon også i 2020. For Sunndal sin del vil ein siger bety at dei kjem heilt opp i ryggen til laga foran og kan då forstatt sikre plassen. Det ligg derfor til rette for at dette kan bli ein skikkeleg tøff kamp mellom laga. 

Vi har tatt oss ein prat med hovudtrenar André A. Gardshol for å høyre kva tankar han har før kampen mot Sunndal.

Sunndal kjem på besøk til Høddvoll laurdag. Det er eit lag som Hødd slo 2-0 på bortebane. Kva kan vi forvente av denne kampen?

- Vi gler oss først og fremst til å kome i gang igjen med seriekampane. Alle spelarane fekk tilbakemelding på utviklingsmål før sommarferien som dei skulle jobbe med i sommar. I tillegg har vi no trent i to veker og skal vere godt førebudd på kampen laurdag. Tirsdag hadde vi også generalprøve mot Volda for å teste forma og her fekk vi gode svar. Spesielt første 25-30 min var vi svært gode! 

- No ventar Sunndal oss laurdag og dei treng poeng for å klatre på tabellen. Vi slo dei i første seriekampen fullt fortjent og går sjølvsagt for nye 3 poeng. Uansett er ein slik type kamp litt ekkel med tanke på at Sunndal fekk ein boost med siger sist mot Nardo og verkeleg treng å plukke poeng framover.

- Vi i trenarteamet har steintru på laget vårt og det veit jentene. Legg vi ned enorm løpskraft, duellkraft og spelar vårt spel, så skal dette gå vegen. Men det handlar om å ha ei ekstrem tru på eigne ferdigheiter og utføre kampplanen. Då tek vi 3 poeng!

TROPP

Andrine Nevstad, Anna Nerland Aahjem, Cecilia Bakke, Hannah Rekdal, Jenny Gjerde, Johanne Helvig, Kethleen Lorenzo Alstadsæter, Lina Solheim Stave, Madelen Gustavsen, Martha Helvig Omdal, Oline Marø Sundgot, Plamedie Buntu, Ragnhild Ertesvåg, Thea Ertesvåg, Vilde Sundal. 

Annonse: