FORDELING AV PRIVATE SESONGKORT

Søndag kl. 12.00 blir det opna for å sikre seg ein kampbillett til Hødd sin heimekamp mot Moss! Dette gjeld dei 76 private sesongkorta og Blåsarane sine 20 plassar på ståtribunen.

Vi måtte gå bort frå loddtrekninga som var tenkt. Det blir i staden gjort tilgjengeleg 76 billettar på hovudtribunen og Blåsarane sine 20 plassar på ståtribunen via billettsystemet kl. 12.00 søndag.

Det vil fungere slik:
  • Lenkje til å sikre seg kampbillett blir lagt til i denne saka kl. 12.00 søndag. 
  • Prisen er kr. 0.
  • Først til mølla prinsippet!
  • Kun dei som har kjøpt sesongkort har moglegheit til å sikre seg ein kampbillett.
  • Kampbilletten får du på e-post etter kjøpet er gjennomført. Du må derfor skrive ut kampbilletten og ta den med på kampen. Sesongkortet gjeld ikkje som gyldig bevis.
  • Avgrensa 1 billett pr. sesongkorthaldar.
  • Dei som sikra seg kampbillett til kampen mot Moss vil ikkje få moglegheit til å gjere dette i neste heimekamp. Dette sikrar at alle får moglegheit til å sjå Hødd i aksjon på Høddvoll.
Slik sikrer du deg kampbillett:
  • Lenkje til sal: https://buyticket.no/hodd/nb-NO/shows/h%C3%B8dd%20-%20moss/events
  • Du må logge inn for å få tilgang til kampen. Har du gløymt brukarnamn og passord, kontakt [email protected].
  • Du må tildele eigar på kampbilletten din. Det gjer du i handlekorga. 
  • Avgrensa 1 billett pr. sesongkorthaldar.
  • Du vil få feilmelding når du prøver å kjøpe kampbillett dersom du ikkje har sesongkort frå før.
  • Prøver du å kjøpe meir enn ein kampbillett vil du få ei feilmelding.
  • Prøver du å kjøpe billett utover dei 76 billettane som er gjort tilgjengeleg, så vil du få ei feilmelding.
  • Kampbilletten får du på e-post etter kjøpet er gjennomført. Du må derfor skrive ut kampbilletten og ta den med på kampen. Sesongkortet gjeld ikkje som gyldig bevis.

Vi ber deg derfor om å følgje med på heimesida når denne saka blir oppdatert kl. 12.00 søndag! Då vil det bli lagt ut ei lenkje, samt korleis du gjennomfører kjøpet.

 

Annonse: