FORDELING AV BILLETTAR I SLUTTSPELET

Her får du billettinformasjon til sluttspelet.

Her kjem informasjon om billettsalet til sluttspelet!

BILLETTINFORMASJON

Frå i dag, 12. oktober blir maksgrensa auka frå 200 til 600 tilskodarar. Det betyr at vi kan ta inn fleire tilskodarar enn tidlegare på heimekampane framover. 

Vi har derfor justert fordelinga av billettane før første heimekamp i sluttspelet:

FORDELINGBILLETTAR
Generalsponsor15
Hovudsponsorar40 (8 billettar til kvar Hovudsponsor)
Samarbeidspartnarar84 (maks 3 billettar)
Fotballstyret7
Trenarteam / spelarar32
Blåsarane25
Æresmedlem fotballgruppa12
Private sesongkort185
Billettar for sal200 (først til mølla)
 

BILLETT I SESONGKORTET

Det blir opna for å sikre seg billett til dei komande kampane på følgjande tidspunkt:

Hødd - Skeid
Tysdag 13.10 kl. 09.00
 
Hødd - Brattvåg
Tysdag 03.11 kl. 09.00
 
Hødd - Kvik Halden
Tysdag 17.11 kl. 09.00
 

Det blir først til mølla prinsippett og vi ber derfor alle om å vere tidleg ute med å sikre seg billett i sesongkortet sitt.

Sjå terminliste til Hødd for sluttspelet her! 

MERK! Kampen mot Skeid er flytta til søndag 18. oktober kl. 14.00!

ORDINÆRT BILLETTSAL

Ordniært billettsal utanom dei som har sesongkort blir også opna tysdag kl. 09.00. Det blir ikkje mogleg å sikre seg billett på kampdag, og alle billettar må kjøpast over disk på Høddvollhuset. Det blir ikkje lagt opp til billettsal over nett.

Det blir også mogleg å kjøpe seg billett til kampen på Høddvollhuset på følgjande tidspunkt:

Tysdag 15.30 - 17.30
Torsdag 16.30 - 18.30
Laurdag 11.00 - 13.00
 
Billettpris:
Kr. 150 vaksen
Kr. 100 barn/ honnør / student
 

Bortesupporterar får ikkje tilgang til å kjøpe billett.

PLASSERING PÅ TRIBUNE

Hovudtribunen og ståtribunen blir opna. Alle skal ha 1 meter avstand mellom seg og det skal vere maks 200 tilskodarar pr. felt. Det er ikkje tillatt å bevege seg mellom felta på stadion. Fysiske sperrer eller vertar vil sørge for at felta er adskilte til ei kvar tid.
 
HOVUDTRIBUNEN
Inngang på begge sider. FELT A, B, C, D og E skal nyttast. Felt C blir reservert til spelarar. Maks 200 tilskodarar pr. felt. Det er fri sete på heile hovudtribunen, sjølv om det står plass på billetten.
 
STÅTRIBUNEN
Dette feltet er reservert til Blåsarane. Maksgrense iht. smitteprotokollen er 50 plassar. For Blåsarane sin del er det satt av 25 plassar.
 
SPAREBANKEN MØRE TRIBUNEN
Sparebanken Møre tribunen blir stengt på kampdag og det vil vere vakthold ved inngangane på begge sider for å sørgje for at ingen nyttar denne tribunen.  
 

VIKTIG Å HUSKE PÅ!

1. Føler du deg ikkje i form på kampdag – BLI HEIME!
2. Er du i risikogruppa avgjer du sjølv om du ynskjer å kome på Høddvoll
3. Det skal vere 1 meter avstand til ei kvar tid
4. HUSK! å praktiser god handhygiene på stadion
 

Vi følgjer dagleg med på smittevernsreglane og vil oppdatere heimesida om det skulle skje endringar.

Til slutt vil vi ynskje alle velkomen til kamp på Høddvoll i sluttspelet!

 

Annonse: