FORDELING AV BILLETTAR

Her får du billettinformasjon til kampen mot Moss 11. juli.

No er vi endeleg snart i gong igjen med fotballkampar på Høddvoll! Nærmare bestemt laurdag 11. juli spring laget ut på stadion igjen og skal kjempe om årets første poeng i PostNord-ligaen. Vi gler oss!

BILLETTINFORMASJON

Det er dessverre slik at ikkje alle som hadde tenkt seg på kampen får moglegheita til dette grunna maksgrense på 200 tilskodarar på stadion. Det er ei rar tid vi er inne i, men vi som klubb må halde oss til dette. Hødd Fotball har derfor valt å fordele billettane slik:

FORDELINGBILLETTAR
Generalsponsor10
Hovudsponsorar25 (5 billettar til kvar Hovudsponsor)
Samarbeidspartnarar28 (1 billett til kvar samarbeidspartnar)
Fotballstyret7
Spelarar22
Blåsarane20
Æresmedlem fotballgruppa12
Private sesongkort76 (loddtrekning)
 

Alle som får tilbod om å nytte sitt sesongkort via e-post må bekrefte dette innan tysdag 7. juli kl. 12.00. Dersom vi ikkje får svar før fristen går ut vil plassen bli gitt til andre på lista. E-post blir sendt ut løpet av fredag 3. juli.

Det blir ikkje opna for billettsal eller bruk av frikort.

PLASSERING PÅ TRIBUNE

Hovudtribunen og ståtribunen blir opna. Alle skal ha to seter mellom seg og anna kvar rad skal nyttast. Det er heller ikkje lovleg å sete tett i lag som familie. 1 meters avstanden gjeld derfor for alle som skal innom på kampen. 
 
HOVUDTRIBUNEN
Inngang på begge sider. FELT B og D skal nyttast. Felt C blir reservert til spelarar, fotballstyre og æresmedlemar. Felt A og E blir stengt.
 
STÅTRIBUNEN
Dette feltet er reservert til Blåsarane. Maksgrense iht. smitteprotokollen er 50 plassar. For Blåsarane sin del er det satt av 20 plassar.
 
SPAREBANKEN MØRE TRIBUNEN
Sparebanken Møre tribunen blir stengt på kampdag og det vil vere vakthold ved inngangane på begge sider for å sørgje for at ingen nyttar denne tribunen.  
 

REGISTRERING AV OPPLYSNINGAR

Klubben må føre namnelister med detaljert informasjon over alle som skal innom stadion på kampdag. Dette gjeld dei 200 som har ei rolle på kampdag, og dei 200 som får tilbod om å nytte sesongkortet sitt. Grunna smittesporing ved eventuell smittesituasjon, så må vi ha denne informasjonen frå alle som er innom stadion.

Dei som får tilbod om å nytte sesongkortet sitt vil få e-post fredag med ei lenkje for registrering av opplysningar. Svarfrist for dei som får tilbod er tysdag 7. juli kl. 12.00. Dei som ikkje svarer på e-posten innan denne fristen vil miste retten til å nytte plassen sin. Plassen vil då bli gitt til andre. Det blir også krav om å vise gyldig legitimasjon og sesongkortet sitt ved inngang på stadion. Vaktmannskapet vil også stå med namnelister ved inngangane og krysse av når du er registrert.

Det er stor interesse og mange som ynskjer å kome på kamp på Høddvoll, og det har vi sjølvsagt full forståing for. MEN vi som klubb må halde oss til maksgrensa på 200 tilskodarar. For at alle skal få kjenne på pulsen på Hødd kamp igjen, så vil ikkje dei som får tilbod i første seriekamp vere med i trekninga til neste heimekamp. Dette gjer vi for at så mange som mogleg skal få moglegheita til å kome på Høddvoll.

På grunn av stor interesse og mange som ynskjer å sjå kampen, så ber vi om at dykk ikkje tek kontakt, men avventar eventuell invitasjon frå klubben fredag.

Dei som ikkje får tilbod om å nytte plassen denne gongen kan sjå kampen på Sunnmørsposten og Vikebladet.

VIKTIG Å HUSKE PÅ!

1. Føler du deg ikkje i form på kampdag – BLI HEIME!
2. Er du i risikogruppa avgjer du sjølv om du ynskjer å kome på Høddvoll
3. Det skal vere 1 meter avstand (2 seter avstand på tribune) til ei kvar tid
4. HUSK! å praktiser god handhygiene på stadion
 

Vi følgjer dagleg med på smittevernsreglane og vil oppdatere heimesida om det skulle skje endringar.

Til slutt vil vi ynskje alle ein riktig god sesong og eit godt Hødd-år! Vi gler oss til å sjå deg på Høddvoll igjen!

 

Annonse fra Obos-ligaen: