Før kampen: Nardo-Hødd

Hødd ser oppover på tabellen.

Eit Hødd-lag i målform og to strake sigrar reiser til Trondheim i helga. 

Nardo leia 2. divisjon lenge, men har falt noko av, og ligg no på 4. plass når åtte serierunder gjenstår av sesongen. Forma er bra, med sju poeng på dei fire siste kampane. Men det vart 3-0-tap i helga mot Hønefoss.

Heime på Nissekollen har Nardo plukka brorparten av poenga sine. Seks sigrar på ni heimekampar vitnar om eit lag med sjølvtillit på heimekunsgras, men merk at kampane i Trondheim har vore målfattige. I snitt har Nardo scora under halvanna mål på heimebane, og sluppe inn under eit mål per heimekamp.

Hødd kjem frå to strake sigrar, og har verkeleg funne målforma. 12 seriescoringar på dei fire siste kampane, og mot Fana holdt Hødd også nullen bakover for fjerde gong i år. 

Inntoget av Robin Shroot (bildet), Robin Hjelmeseth og Torbjørn Kallevåg i haust har vore viktig, men spelemessig har heile Hødd-laget løfta seg etter sommarpausa.

Med ni poeng ned til Fana (i tillegg til langt bedre målforskjell), ser det ut til at nedrykksspøkelse har tatt kvelden. I staden ser Hødd oppover på tabellen, og det er no kort veg opp til 4. plassen. 

Då klubbane møttes på Høddvoll i mai, vann Hødd 2-0 mot det som då var serieleiaren. Torbjørn Kallevåg og Sondre Beite var målscorarar.

Kampstart på søndag er kl. 15.00, og kampen kan du sjå direkte på smp.no.

Annonse: