Før kampen: Hødd - Spjelkavik

A-laget møter laget dei slo 1-0 i ein treningskamp tidlegare i vinter.

Onsdag klokka 19:00 spelar A-laget første runde i NM mot Spjelkavik på Høddvoll. Spjelkavik spelar i Norsk Tipping-ligaen (tidlegare 3. divisjon), etter at dei i fjor endte på 2.plass på samme nivå. Deira første seriekamp borte mot Os endte 2-2. Laurdag slo dei Fjøra 2-1 på heimebane.

Andre lokale kampar i 1.runde:

  • Volda - Molde
  • Herd - Aalesund
  • Brattvåg - Kristiansund BK


Til denne kampen gjeld ikkje sesongkort.

Billettar kan du kjøpe her, eller møte opp på Høddvoll på kampdag.
Merk at det ikkje er faste plassar til denne kampen. Med andre ord kan ein sitte der ein vil.

Hødd - Spjelkavik

26.04.2017 - 19:00

Høddvoll

Annonse: