FANTASTISK FLOTT TRENARFORUM

Fantastisk flott trenarforum i går. Ronny Ødegård trenarutviklar i Sunnmøre Fotballkrets leia oss gjennom muligheitene for å ta trenarutdanning og utvikle trenarar på ein god og inspirerende måte.

Ronny påpeika viktigheita av å skulere trenarar gjennom å ta kurs for å utvikle oss som klubb. Det vart mange god diskusjonar blant dei frammøte. Dog skuffande at så få møtte til eit så viktig trenarforum med eit så viktig budskap. Vi kjem derfor til å gjenta seansen i går rett over nyttår. Dette er særs viktig for oss som klubb og vi kjem til å sette trenarutdanning og trenarutvikling høgt på agendaen i 2020.

I 2019 har 434 trenarar på Sunnmøre gjennomført grasrottrenarkurs. Det viser at klubbane rundt oss er aktive på dette feltet. Det er eit stort satsingsområde for NFF og Sunnmøre Fotballkrets å utvikle trenarar til dei forskjellige nivå og vi i Hødd skal være på ballen her framover. 

Takk til Ronny som tok turen til Ulsteinvik i går kveld!
 

Annonse: