Erika Skarbø gjer comeback i Hødd drakta!

Den tidligare Hødd keeperen gjer comeback for Hødd i kveld kl 1830 mot Volda.

30 år gamle Erika skal fredag kl 18.30 igjen ikle seg den blå drakta, då ho mot serieleiar Volda gjer comeback på Hødd sitt damelag. Ho har tidligare spelt i toppserien for Arna Bjørnar, og vore landslagskeeper for Noreg. Sist ho spelte var på Hasundgot sitt damelag for nokre år sida der ho spelte ute på bana i 7ar fotball.

Ho har sagt seg villig til å bli med på Hødd sitt damelag når det høver seg slik, og gler seg veldig til å ta på Hødd si keeperdrakt igjen.

Møt opp på Høddvoll i kveld for å sjå Erika og dei andre Hødd damene i aksjon! Kampstart kl 18.30!

Annonse: