Elevar på jobbskygging

Andreas, Benjamin, Olai og Simon frå Ulstein ungdomsskule var torsdag på jobbskygging i Hødd og fikk eit innblikk i kvardagen på Høddvoll.

Andreas Ulfstein, Benjamin Klokk og Olai Bjørdal spelar for G14 og Simon Skeide for G16 i Hødd til daglig. 

Vi tok oss ein prat med gutane.

Kvifor jobbskygging i Hødd?

Andreas

- Interessant og spennande. Eg ønskjer å sjå om dette kan vere ein fin jobb når eg blir voksen. Det er kjekt å sjå korleis det er å jobbe i ein så flott klubb som Hødd.

Benjamin

- Eg ville på jobbskygging i Hødd fordi det virka veldig kjekt å interessant. Eg ville vite korleis ein kvardag i Hødd såg ut og kva som må til for å få ein jobb som dette når eg blir eldre.

Olai

- Fordi eg er veldig interessert i fotball og har alltid hatt eit ønske om å bli fotballtrenar. Det er også spennande å sjå kva dei gjer i ein så stor klubb som Hødd. Det er også kjekt å få eit innblikk i kvardagen til fotballtrenarane.

Simon

- Det virka veldig kjekt å jobbe i Hødd. Eg ville vite korleis ein kvardag var for ein trenar i Hødd. Har eit ønske om å jobbe med fotball når eg blir eldre, derfor valte eg jobbskygging i Hødd.

Kva har dokke gjort i dag?

- Har hjelpt til med å oppgåver knyta til Leverandørkonferansen. Vi har fått på plass roll-ups og flagg på hotellet.

- Vi har også sjekka at utstyret til FFO er OK (sortert ballar, kjegler og vestar) og vore med på aktiviteten i Ulsteinhallen seinare på dagen der vi tok bileter frå aktiviteten.

- Planlegging av eigentrening og kampanalyse har vi også vore i gjennom og dette var sjølvsagt svært lærerikt.

Vi takkar gutane for den gode innsatsen og ønskjer dei lykke til med årets sesong!

Annonse: