Eirik Haugan klar for Hødd

Eirik Haugan har i dag signert ei kontrakt ut 2018-sesongen. Vi ønskjer Eirik hjertelig velkomen til klubben.

Les intervjuet med Eirik under!

Fokus på fotballen

- Det blir godt å kome i gang igjen og det er ingen betre plass å restarte karriera si enn i Hødd. Det at eg kan fokusere kun på fotballen, trene under fantastiske fasilitetar gjer at alt ligg til rette for at eg kan utvikle meg til å bli ein betre fotballspelar.

Tatt godt i mot

- Eg har blitt tatt veldig godt i mot i klubben og i spelargruppa. Eg kjente til Badr og litt Amini før eg kom til klubben og har også spelt ein del mot dei yngre spelarane i laget tidligare. 

Spelande midtstoppar

- Ein spelande midstoppar som er rolig med ball, god 1 mot 1 defensivt.

Kjempe i toppen

- Eg har lyst til å kome raskt i gang, spele kampar og kome meg i form igjen. Målet mitt er å bidra til at Hødd kjempar i toppen i år og rykker opp igjen til OBOS-ligaen.

Sindre Eid: Stort potensiale

- Ein spennande ung spelar som har gått ein god skule i Molde og Akerakademiet, vore ein del av Molde sin A-stall, erfaring frå landslag heile vegen oppover og sist no i Marseille. Eirik er ein spelar som har opplevd mykje på kort tid og det betyr at det er eit stort potensiale som ligg der som vi ser fram til å jobbe med. 

- Eirik virka som ein fin gut som har kome til oss og som kanskje har lyst til å restarte karriera igjen og få ein stabilitet i trenings- og kampkvardag. Ein spennande signering for Hødd.

Annonse: