EIN STORSCORAR OG STOR HØDDAR ER BORTE

Jan Ulfstein (født 30.april 1945) gjekk bort denne helga.

Jan Ulfstein anno 1989, Foto: Arne Flatin
Jan Ulfstein anno 1989, Foto: Arne Flatin

Jan Ulfstein (født 30.april 1945) gjekk bort denne helga. Jan var ein del av den spennande nye generasjonen Høddarar som kom med på A-laget tidleg på 1960-talet. Han spelte for Hødd i perioden 1962-1972 og fekk med seg heile 302 A-kampar, nok til å få gullklokka. Om Jan vart det mellom anna sagt at han var ein smart spelar med god teknikk og at han hadde «ei nase» for mål. Allereie som 12-åring var han med på guttelaget og som seniorspelar var han også back ein periode, men først og fremst var han angrepsspelar. I den berømte 8-2 kampen mot Kvik i 1965 scora Jan tre av måla i den sensasjonelle opprykkskampen. I den avgjerande kampen borte mot Sarpsborg i 1969 der Hødd berga plassen på målstreken laga Jan eitt av måla i 3-1 triumfen. Kjetil Hasund og Otto Sundgot var dei to andre målscorarane.
Til saman scora Jan 130 mål på desse 302 kampane, derav 60 i serien. Han var toppscorar for Hødd i 1963 (delt med Hallbjørn Hasund), i 1964 (delt med Hallbjørn) og i 1967.

Etter den aktive karrieren gjorde Jan «Bakar» ein fabelaktig innsats som trenar for aldersbestemte lag i Hødd, blant anna på småguttelaget. Han var godt likt og respektert av gutane og var ein del av Hødd-miljøet i mange år, seinast var han med i staben rundt A-laget i nyare tid og fekk sjå NM-gullet på nært hald i 2012. Jan sin far Josef spelte også på Hødd sitt A-lag, det same gjorde sønene Egil og Hallvar. Kanskje er barnebarnet Andreas neste generasjon Ulfstein på Hødd sitt førstelag?

Hødd lyser fred over minnet til ein stor Høddar.

Arne Flatin

Tre generasjonar Ulfstein på Hødd. Fotografert i 1989. Frå venstre Josef, Jan og Egil Foto: Arne Flatin
Tre generasjonar Ulfstein på Hødd. Fotografert i 1989. Frå venstre Josef, Jan og Egil Foto: Arne Flatin
Radarparet Jan og Kjetil scora haugevis av Hødd-mål i 1.divisjon på 60 og tidleg 70-talet Foto: Smp
Radarparet Jan og Kjetil scora haugevis av Hødd-mål i 1.divisjon på 60 og tidleg 70-talet Foto: Smp
Jan scorar eitt av sine 130 mål for Hødd, Foto: Smp
Jan scorar eitt av sine 130 mål for Hødd, Foto: Smp
Jan jublar etter 3-1 triumfen i semfinalen på Høddvoll mot Brann i 2012. Foto: Arne
Jan jublar etter 3-1 triumfen i semfinalen på Høddvoll mot Brann i 2012. Foto: Arne
Jan nummer tre frå venstre saman med Hødd-familien under feiringa av cupfinalegullet på Ullevål-matta i november 2012. Foto: Arne Flatin
Jan nummer tre frå venstre saman med Hødd-familien under feiringa av cupfinalegullet på Ullevål-matta i november 2012. Foto: Arne Flatin
Annonse: