EIN STOR HØDDAR ER BORTE

Peder Gjerde, mest kjend som Pella, døydde fredag 3.april, knapt 87 år gammal. Han var født 24.juni i 1933. Familien kom til Ulsteinvik frå Sylte i Vanylven då Pella var 3 år, i 1936.

Han var gjennom heile 50-talet og tidleg på 60-talet ein svært sentral fotballspelar på Hødd sitt A-lag. Han spelte 317 A-kampar og scora heile 214 mål. Med andre ord var han ein av dei største målscorarane i klubben si historie. I følge dei offisielle statistikkane (HEIA Hødd 1919-1994/Flatin)  var han A-spelar i perioden 1948-1963. Han debuterte dermed alt som 15-åring i 1948, og måtte legge opp som 30-åring i 1963 på grunn av ein kneskade.

Etter den aktive karrieren var Pella med og fulgte opp barna sine i Hødd-miljøet. Han var involvert i arbeidet med aldersbestemte lag, og eg hugsar han «styrte» den gule juniorkiosken på Høddvoll då eg var gutunge.

Også i Hødd si badmintongruppe var han aktiv i fleire sesongar både på bana og som tillitsvald.

Saman med Severin Myklebust og fleire andre var han også ein pådrivar for å få bygd Høddvollhuset, som stod ferdig i 1984, og han og kona Åse brukte mange timar på dugnad i klubblokala til vår kjære klubb.

I 1989 vart han utnemnd til æresmedlem i IL Hødd, og han er ein av nitten æresmedlemmer i klubben si historie. I klubben sin offisielle adelskalendar står han med 44 år som frivilleg, og fekk i 2013 også heideren «Erkehøddar» for over 40 års innsats i Hødd.

Eg minnest Pella som ein jovial og hyggeleg kar som det alltid var kjekt å slå av ein prat med i Hødd-samanheng. Han var svært opptatt av alt som skjedde i klubben, og deltok på Hødd sin store 100-årsfest på Ulstein Arena i september i fjor trass i ei skrantande helse. Han fekk også for eit par år sidan 30-årspokal for å ha gjennomført Hødd-marsjen. Eg ser han for meg kor han med gåstolen tok steg for steg opp Mørdarbakken saman med sonen, Helge. Eg var imponert. Det same er eg over den enorme jobben han gjorde for klubben vår i så mange år.

Alle gode tankar går til familien hans, mange der har fulgt i Hødd-fotspora hans.

Ein heidersmann har gått ut av tida, men i Hødd vert han aldri gløymd! 

Arne Flatin

Annonse: