EIN BAUTA GIR SEG I HØDD

Steffen Moltu takkar for seg i Hødd-drakta og kan sjå tilbake til ei innhaldsrik karriere no når han vel å gi seg i Hødd.

Når Steffen no vel å legge fotballskoa på hylla kan han sjå tilbake til ei innhaldsrik karriere i Hødd-drakta med opptura og nedtura. Kanskje er Cupgullet i 2012 og Europa Cup spel med Hødd i 2013 det største? Med 326 A-kampar og 24 skoringar er han høgt oppe på adelskalenderen på ein 16. plass. Han har spelt mange kampar, lite skada og lite karantene i Hødd-drakta.

Steffen har vore ei midtstopparkjempe - av dei største i Hødd si historie. Spelte saman med Fredrik Klock i 2011 og 2012, deretter saman med Jesper Törnqvist i fleire sesongar. Var kaptein i fjor og ein som har stått fram med gode haldningar i alle år. Absolutt eit godt førebilete for barn og unge. Steffen mottok Gullklokka på Kick-Offet til Hødd.

Først av alt takk for innsatsen i Hødd Steffen! Du har vore med sidan 2011 og har vore ein viktig spelar for Hødd i fleire år. Korleis har tida i Hødd vore?

- Hmm, kor skal eg skal begynde. Tida i Hødd har vore meget meget fin! Eg har hatt mange kjekke opplevingar og kan sjå tilbake på mange gode kjennskap både i form av spelarar, trenarar og leiarar samt alle dei frivillige og supportarane til denne fantastiske klubben!

I løpet av åra i Hødd har du opplevd både opptura og nedtura. Kva vil du seie er det største du har opplevd i Hødd-drakta?

- Utan tvil er det nok cupfinala i 2012 og alt som følgte med den. Heile helga og livet i Oslo som var der, er noko som kjem til å sitte igjen resten av livet. Men eg kjem alltid til å huske semifinala mot Brann på gamle Høddvoll. Det var ei ubeskriveleg oppleving. Samt Europa League kampen mot Aktobe som vart spelt der! Det som kanskje ergrar meg mest er opprykket til Tippeligaen som rauk på målstreken mot Mjøndalen i 2013!

Du vel no å gi deg i Hødd etter fleire sesongar. Var det eit vanskeleg val å ta når du no vel å legge fotballskoa på hylla?

- Ja. Utan tvil. Men det er eit rett valg sett i frå eit privat ståsted. Frå fotballhjertet er det eit frykteleg hardt valg. Eg får stadig spørsmål om det fortsatt kribla i føta. Og ja, det gjer det!. Kriblinga er konstant tilstede! Eg kjem til å savne å fare på Høddvoll kvar dag og trene med gutta, sjølv om eg nok tittar stadig oppom Høddvoll!

Korleis ser framtida ut for familien Moltu?

- Spesifikke framtidsplanar er ikkje lagt heilt enno, bortsett frå at vi ventar barn nummer to, så det blir nok meir å gjere på heimebane. Det vert iallefall mykje familieliv og det gler vi oss til! 

Til slutt. Korleis trur du det går med Hødd i år og korleis trur du framtida ser ut for klubben?

- Basert på dei eg kjenner som er igjen, dei nye som kjem inn og dei som skal lede laget, trur eg at dei vil være med å kjempe i toppen. Det er mange spanande trenarar og spelarar som vil stå fram og gjere alt dei kan for å løfte klubben opp og fram. Eg trur og håpar at framtida er lys.
Til slutt vil eg ønske heile klubben, spelarar, trenarar, supportarar, blåsarane og dei frivillige lykke til for sesongen og åra som kjem! PS; Sindre, du er ein kanonmann! Takk for meg!

Annonse: