
Dansegalla i Ulsteinhallen
Sett av laurdag 20. oktober når Ole Ivars og Bjørns Orkester byr opp til dans i Ulsteinhallen!
Det er venta mykje folk laurdag 20. oktober når Ole Ivars og Bjørns Orkester spelar i Ulsteinhallen!
Dette er to danseband med stor fanskare i dansemiljøet i Norge og som byr opp til dans med sine kjente låtar denne kvelden.
Billettinformasjon
Prisen for å kjøpe seg billett til arrangementet er kr. 375,- pr. person. Aldersgrense 18 år.
Husk å vise billett ved inngangen. Skriv ut billetten på førehand eller vis billetten rett frå telefonen din. Dette kan du velge før du fullfører betalinga.
Dørene opnar kl. 19:30!
Bobilparkering
Når ein kjøper billett kan ein også velge å kjøpe seg bobilparkering enten frå fredag til søndag eller frå laurdag til søndag.
Vi ønskjer å legge til rette for bobilparkering denne helga og håper mange nyttar seg av dette tilbodet.
Frist for kjøp av bobilparkering måndag 15. oktober.
Dersom du har valgt billett med bobilparkering, ta kontakt med Per Arve seinast onsdag 17. oktober om du har nokon spørsmål knyta til bobilparkeringa. Du kan kontakte han på telefon 994 17 011 eller e-post [email protected].
TRYKK HER FOR Å KJØPE BILLETT!
Mat og drikke
Under arrangementet blir det salg av bongar. For å kjøpe drikke i baren må du nytte desse. Dette skal bidra til at du ikkje blir ståande i lang kø når du handlar.
Mat og kioskvarer kan du betale med kort, kontant eller Vipps.
Toalettfasilitetar
Ulsteinhallen og Høddvoll stadion har svært gode toalettfasilitetar som du kan nytte under arrangementet. Følg skiltinga til toaletta.
Velkomen til Høddvoll
Vi ønskjer alle gjestar hjerteleg velkomne til Høddvoll og Ulsteinhallen til dans laurdag 20. oktober. Det blir ein kveld med stort folkeliv, god musikk og dans!
Kjem du?