BLI MED BLÅSARANE TIL FREDRIKSTAD

Blåsarane legg opp til tur til Fredrikstad når årets første seriekamp i PostNord-ligaen avd. 1 skal spelast søndag 14. april. Bli med du også på ein fantastisk bortetur til Plankebyen der våre blåkvite skal kjempe om 3 poeng!

Vår solide støttespelar og 12 mann Blåsarane er sjølvsagt klar og legg derfor opp til bortetur til Plankebyen denne helga med buss. I tillegg til kamp blir det også tur over grensa til Sverige.

Fredrikstad meldte også på si heimeside for ei veke sidan at dei no hadde passert 2100 sesongkort! Alt ligg derfor til rette for god stemning på tribunen og ein god kamp mellom to sterke lag i PostNord-ligaen avd. 1.

BLI MED PÅ TUR TIL FREDRIKSTAD

Avreise fredag 12. april kl.23.59.
Innkvartering på Quality Fredrikstad Hotell.
Dobbeltrom og buss 1500,-
Enkeltrom og buss 1850,-
 
Det vil bli bindande påmelding med påmeldingsfrist 29. april kl.12.00.

MELD DEG PÅ HER!

 

BLÅSARBUA

Har du ikkje sikra deg jubileumsdrakta eller Hødd-effekter til årets sesong kan du få kjøpt dette på Blåsarbua kvar laurdag mellom kl.11.00-16.00.

Her har du mykje å velge i når du kjem innom og ta derfor turen til Blåsarbua å støtt Blåsarane supporterklubb. Bli med å farg Høddvoll blått i år med drakt, skjerf, hue og fleire andre produkt!

HEIA HØDD!

Annonse: